Universitetet i Tromsø - Startsida Universitetet i Tromsø - Startsida
 

Stor auke i søkinga til lektorutdanningane

Universitetet i Tromsø sine to 5-årige lektorprogram opplever stor auke i søkjartala - og ikkje berre frå i fjor til år, utviklinga er også tydeleg over tid: Fleire vil bli lektor.

Sigrun Høgetveit Berg 04.05.2012 10.32
Simon Steinnes, Einar Størkersen, Eli Moksnes Furu og Kristine Moksnes Bratland gler seg over stor søking til lektorprogramma. Foto: Sigrun Høgetveit Berg.

- Denne utdanninga gjev meg både valfridom og sikkerheit, seier andreårsstudent Simon Steinnes, om kvifor han valde den femårige lektorutdanninga i realfag.

Med fagaleg fordjuping i fysikk og matematikk veit han at han blir ettertrakta i skuleverket, samstundes som han ikkje er låst til læraryrket.

- For meg er det ein luksus både å kunne få velja dei faga eg ønskte og få bruke dei etterpå i jobbsamanheng. Vanleg lærarutdanning var aldri aktuelt for meg, det var lektor eg ville bli, seier fjerdeårsstudent Kristina Moksnes Bratland, som har nordisk, sosiologi og rettslære i fagkretsen.

Jamn auke

Sidan dei femårige integrerte lektorprogramma vart innførde med Kvalitetsreforma i 2003, er dei vorte jamt meir populære. Søkinga går opp frå år til år, og medan realfagsprogrammet til UiT auka søkjartala med 46 % (rett nok med små reelle tal - frå 6 til 11 søkjarar) frå i fjor til i år, var det 35 % fleire - det vil seia 89 søkjarar -  som ville ta til på språk og samfunnsfag-programmet.

- Og me har plass til alle, lovar 1. amanuensis Eli Moksnes Furu, PPU-koordinator for heiltidsstudiet og universitetslektor Einar Størkersen, leiar for programstyret for språk og samfunnsfag.

Nybrotsarbeid i praksisfeltet

Steinnes og Bratland er to fornøgde lektorstudentar, og Furu og Størkersen trur at praksisdelen av utdanninga er noko av årsaka. Ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk har dei arbeidd målmedvete for å styrke og betre praksis på alle studieprogramma, og lektorutdanningane har gjort eit nybrotsarbeid for sine studentar.

- Studentane har uttrykt ønske om større kontinuitet i praksisarbeidet. Tidlegare hadde dei praksis på 1. året - før deretter ikkje å møte det igjen før på 4. året. I den nye modellen har dei observasjonspraksis 1. året, assistentlærarpraksis 2. året, parpraksis 3. året og individuell praksis 4. året, fortel Furu og Størkersen.

På assistentlærarpraksis, som Simon Steinnes nyleg har vore med på, får andreårsstudentane følgje med når fjerdeårsstudentane har ansvar for undervisninga. Men saman med rettleiar er dei begge med på å planleggje og gjennomføre oppgåvene. Såleis får erfarne og ganske ferske studentar arbeide saman.

- Det kom absolutt ikkje for tidleg i studiet. Eg var i naturfagstimar og hjelpte til med oppgåveløysing i klasserommet og med ulike forsøk, fortel Steinnes.

Etter praksisperioden hadde studentane felles seminar, der fjerdeårsstudentane var med og kommenterte tekstane til andreårsstudentane.

- Eit slikt type profesjonsfellesskap trur eg studentane sette stor pris på. Og då me evaluerte praksisordninga var det overraskande å sjå kor mange og varierte oppgåver som også andreårsstudentane kunne gjera, seier Furu.

- Og for oss fjerdeårsstudentane var det spennande å kunne få rettleie andre - samstundes som me fekk nyttige kommentarar og innspel frå medstudentar. Inga bok i verda kan lære oss det den verdifulle praksisen gjev oss, avsluttar Bratland.



Del på Facebook

Faculties:
Faculty of Biosciences, Fisheries and Economics
Faculty of Humanities, Social Sciences and Education
Faculty of Science and Technology
Faculty of Health Sciences
Faculty of Law
Faculty of Fine Arts

Units under the University board:
The Barents Institute
Centre for Women's and Gender Research
Centre for Sami Studies
Tromsø University Museum
The University Library of Tromsø
The University’s Centre for Flexible Education U-VETT
News:
News
Tavla (Norwegian)
Newsletter (Norwegian)
RSS-feeds (Norwegian)

IT-support:
For students
For employees
For guests
Prospective students:
Study catalogue
Admission
Practical matters
Contact

Students:
Academic life
Student organisations
Student life in Tromsø
Student welfare
New students
Career Center
HMS:
Emergency


Search:
People search
Content search
Universitetet i Tromsø - University of Tromsø - Romssa universitehta. N-9019 Tromsø - Tlf.: +47 77 64 40 00 - E-mail: postmottak@uit.no