Håp i Havet på Norfishing

Norfishing 2014 er over. Blant 450 utstillere frå 48 land var ein gjeng med tromsøstudenter frå Håp i Havet.
Grytås, Gunnar
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Gunnar Grytås
Published: 25.08.14 00:00 Updated: 25.08.14 14:22

I Trondheim møtte studentane frå Tromsø eit publikum på totalt 14.547 som vitja messa. Det skjedde på Troms fylkeskommune sin fellesstand der Tromsø-studentene stod strategisk plassert ved ein av inngangane. Her var det tilsaman 34 utstillarar med stor breidde frå fiske, industri og det som ellers kallast for marin sektor.

- Det er fint å få ein slik plass i eit miljø der vi er saman med andre frå Tromsø og Troms. Vi lærer mykje av meir erfarne utstillararar og knyter kontakter som vi kan ha nytte av seinare, fortel Sara Lindblad og Mari Lind Aronsen 

Håp i Havet er studentorganisasjonen ved Fakultetet for biologi, fiskerifag og økonomi ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet. I år var dei åleine om å representere fakultetet på ei messe der fiskerihøgskulen stort sett har hatt eigen stand. Håp i Havet er mest kjend for det årlege seminaret med same namn som dei starta i 1990, og som etterkvart vart eit årvisst arrangement. Men organisasjonen er også opptekne av å informere om studietilbodet ved fakultetet og om den store variasjonen av spanande yrke som dei marine næringane kan tilby ungdom om ynskjer å jobbe og bu i kyst-Noreg. I år kan tromsøstudentane også vise til tal som viser aukande interesse for å ta utdanning på dette feltet.

Norfishing-messa vert halden annakvart år og alternerer med Aqua Nor som er den største oppdrettsmessa i verda. Som publikumsmagnet er ikkje Norfishing like stor som før, og messa rettar seg no inn mot eit meir avgrensa publikum. Her er studentar og skuleungdom framleis viktige, og på fredag den 22. august som var siste messedag var det gratis inngang for studentar og skuleungdom. Om Sara og Mari fekk napp, og dermed fast fisk til neste års studentopptak vil vise seg. Sjøl meiner dei i alle fall at det var viktig å vere til stades på messa.

- Vi fekk snakka med mange om Håp i Havet og det vi driv på med. I tillegg var det interessant for oss å få med oss dei spanande diskusjonane om korleis sjømatnæringa skal utviklast vidare. Her var det tydeleg at NOFIMA-seminaret og dei nye rapportane om rammevilkår skapte eit voldsomt engasjement. 

Sara Lindblad (t.v) og Mari Lind Aronsen

 

 

Grytås, Gunnar
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Gunnar Grytås
Published: 25.08.14 00:00 Updated: 25.08.14 14:22