Forskingsdataportalen UiT

Forskingsdataportalen UiT skal gje informasjon om lagring, handtering, arkivering, tilgjengeleggjering og deling av forskingsdata til studentar og forskarar ved UiT.
God forvaltning og deling av forskingsdata er sentralt for å fremja transparens og kvalitet i forskinga, og for at UiT kan fylla samfunnsoppdraget sitt som breiddeuniversitet.
Det er av stor verdi for vidare forsking at data blir tekne vare på og gjort tilgjengelege for fremtia.
Søknad om forskingsfinansiering må innehalda beskriving av korleis data skal forvaltast etter innsamling og takast vare på etter avslutta prosjekt.
Også tidsskrifta stiller stendig oftare krav om at forskingsdata som ligg til grunn for artiklane dei publiserer, skal vera tilgjengelege.
Forvaltning av forskingsdata ved UiT har vore eit utviklingsprosjekt sidan 2015. Prosjektet er drifta i tett samarbeid mellom Seksjon for forskning og utdanningskvalitet (SEFU), Avdeling for IT og Universitetsbiblioteket. |
Forskingsdataportalen skal vera ein fleksibel referanse- og ressursbase. Portalen vil vera under løpende oppbygging og utvikling. Vi setter stor pris på innspel og kommentarer til både tema og innhald. |
Prinsipper og retningslinjer for forvaltning av forskningsdata ved UiT blei vedtekne av Universitetsstyret 9. mars 2017. Regelverket gjeld frå 1. september 2017. Nokre viktige punkt
|
God forvaltning og deling av forskingsdata er eit sentralt prinsipp for UiT Noregs arktiske universitet. Prinsippet er forankra i verdien av auka gjennomsiktigheit og kvalitet i forskinga, og i samfunnsoppdraget vårt som breiddeuniversitet i nord. UiT sluttar seg til Forskningsrådets og EUs klåre målsetjingar og føringar for forvaltning av forskingsdata – «Åpen som standard» og «As open as possible, as closed as necessary». Nasjonal strategi for tilgjengeliggjøring og deling av forskningsdata (KD 12/2017) slår fast tre grunnprinsipp for offentleg finansierte forskingsdata i Noreg: 1) Forskingsdata skal vera så opne som muleg, og så lukka som nødvendig. Dersom ingen legitime omsyn står i vegen, skal forskingsdata leggjast til rette for open tilgang. 2) Forskingsdata bør handterast og leggjast til rette slik at verdiane i dataa kan utnyttast best muleg. 3) Vedtak om arkivering og tilrettelegging av forskingsdata må takast i forskarfellesskapa. Formålet med UiTs prinsipper og retningslinjer for forvaltning av forskningsdata er å avklara ansvar og gje rettleiing om korleis institusjonen og tilsette skal forvalta, dela og bevara forskingsdata i tråd med institusjonen sine administrative, finansielle og forskingsetiske retningsliner. |
Universitetsbiblioteket tilbyr ei rekkje ulike kurs i handtering av forskingsdata. Les meir om dei på site.uit.no/rdm-training. Alle kurs blir gjevne både på norsk og engelsk. Ei oversikt over komande kurs finn du øvst til høgre i Forskingsdataportalen. |
Både UiT og forskingsfinansiørar som mellom anna Forskningsrådet og EUs forskingsråd stiller krav om at det til eit forskingsprosjekt skal lagast ein god plan for korleis data skal samlast inn, handsamast, arkiverast og delast. Dersom prosjektet ditt inneheld fleire delprosjekt eller arbeidspakkar, så tilrår vi at du lagar éin samla plan der du beskriv datahandteringa i dei ulike delprosjekta/arbeidspakkane. Det finst ulike malar for datahandteringsplanar, avhengig av prosjekttype:
Nokre døme på datahandteringsplanar finn du her. Datahandteringsplanar på UiT skal følgjast opp etter Retningslinjer for oppfølging av datahåndteringsplaner ved UiTs enheter. Ph.d.-/forskingsadministrasjonen på ditt fakultet kan gje deg meir informasjon om dette. For rettleiing og tilbakemelding på utfylt plan kan du ta kontakt med UB på researchdata@hjelp.uit.no. Det vil også hjelpa oss med å planleggja og skalera støttetenestene våre. |
I tilfelle der forskningsdata blir genererte som del av eit forskningsprosjekt som er delvis eller fullt finansiert av ein tredjepart, skal det inngåast avtalar om eigarskap og rettigheiter til bruk av data og forskingsresultatar. Ulike avtalar gjeld i ulike samanhengar:
Informasjonstryggleik Eksterne infosider om datahandteringsplanar: |
Behandling og lagring av forskningsdata kan vera utfordrande, spesielt for store datasett og data som er sensitive eller treng trygg lagring. Her er nokre generelle tips for god datahandtering:
Meir informasjon finn du her. |
Meir om behandling og lagring av forskningsdata:
|
Forskingsfinansiørar stiller som regel krav om at data som er eit resultat av forskingsprosjektet dei har (del)finansiert, blir arkiverte på ein forsvarleg måte, og det finst ei rekkje arkivtenester for forskingsdata som kan tilfredsstilla slike krav. Er du forskar på UiT, kan du arkivera data dine i UiT Open Research Data. Her får kvart datasett tildelt ein DOI og ein automatisk generert referanse til bruk i publikasjonar. Arkivet har også versjonskontroll, som registrerer og synliggjer alle endringar som er gjorde i datasettet etter publisering. For meir informasjon og brukerguidar, sjå info.dataverse.no. |
Det kan òg vera aktuelt å velja ei teneste utanfor UiT, t.d. eit veletablert arkiv innanfor ditt fagområde. På nettsida re3data.org får du tilgang til eit omfattande register over forskingsdataarkiv i heile verda. Ta kontakt med oss på researchdata@hjelp.uit.no for å få hjelp med å finna eit arkiv som tilfredstiller UiTs krav. Same kva arkiv du vel, så bør du førebu dataa dine etter beste praksis før du arkiverer dei. Meir informasjon om dette finn du her. |
Aktiv oppfølging av etikk i arbeid og samarbeid er viktig for UiT. Etikkportalen UiT omhandlar forskings- og personaletikk ved UiT. I all forvaltning av forskningsdata må forskarar vera merksame på dei generelle reglane som gjeld for handtering av personopplysningar, sjå personvern og forsking ved UiT. Alle prosjekt der det skal behandlast personopplysningar skal meldast til NSD (Norsk senter for forskningsdata). Som før skal melding sendast 30 dager før prosjektet skal starta. Her kan du ta ein test for å finna ut om ditt prosjekt er meldepliktig. |
Når det gjeld prosjekt under helseforskingslova, må ein senda søknad til REK (Regionale komitéer for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk). Er du i tvil om prosjektet omfattas av helseforskingslova , kan du sende søknad til REK om framleggelsesvurdering, Sjå her for meir informasjon om etikk og personvern i helseforskingsprosjekt ved UiT. Personsensitive data skal lagrast sikkert gjennom prosjektperioden og etter prosjektslutt, sjå sikker datalagring ved UiT.
|
Tromsøundersøkelsen er Noregs mest omfattande og best besøkte befolkningsundersøking gjennom meir enn 40 år. Alle forskarar tilknytte institusjonar med forskingskompetanse kan søkja om tilgang til å analysera data frå Tromsøundersøkelsen. Forskinga på materiale frå Tromsøundersøkelsen har bidrege til auka kunnskap om helse og sjukdom og bidreg til betre pasientbehandling, nasjonalt og internasjonalt. Informasjon om korleis du søkjer om tilgang til data frå Tromsøundersøkelsen finn du her. |
Andre typar forskingsdata som er skaffa fram ved UiT finn du t.d. i UiT Open Research Data. UiT har inngått avtale med Statistisk sentralbyrå (SSB) om bruk av microdata.no, en tjeneste som gir mulighet for forskere og studenter til å bearbeide og analysere Statistisk sentralbyrås anonymiserte data om befolkning, utdanning, inntekt, arbeidsmarked og trygd. Mer informasjon her.
|
|
Open Data in linguistics, Prof. Laura A. Janda, UiT (videostraum Result UiT)
Open Research Data, Prof. Robert Barrett, UiT (videostraum UiT)
Heksebrenning og åpen forskningsdata, Rune Blix Hagen, Førsteamanuensis Emiritus, UiT
Last updated: 27.08.2020 12:57
Denne portalen: uit.no/forskningsdata
Kontaktinformasjon:
researchdata@hjelp.uit.no
Snarvegar:
- Mal for datahandteringsplanar for UiT-tilsette
- Template for data management plans for UiT employees
- Retningslinjer for oppfølging av datahåndteringsplaner ved UiT
- Prinsipper og retningslinjer for forvaltning av forskningsdata ved UiT
- Principles and guidelines for research data management at UiT
- Reglement om sikring og forvaltning av arbeidsresultater ved UiT
- Microdata.no
- Rutiner for helseforskning - Helsefak og UNN
- Tromsøundersøkelsen og EUTRO
- Rektors blogg 1.9.2017 Åpne forskningsdata ved UiT
- Informasjonstryggleik ved UiT
- Tjenesten microdata.no
Eksterne lenkjer:
- Forskningsrådets policy for tilgjengeliggjøring av forskningsdata
- EU og Horizon 2020 om forskingsdata
- Regional komité for medisinsk forskningsetikk (REK)
- Datatilsynet
- Norsk senter for forskningsdata (NSD)
- Digital Curation Center (UK)
- The Fair Data Principles
Relaterte sider:
[Loading...]