Forskningsetikk

Forskingsetikk omfattar etiske aspekt ved forskarrolla og forskingsarbeidet. Forskingsetiske dilemma kan også oppstå i skjeringsflata mellom forsking og andre aktivitetar, som undervisning, formidling, ekspertverksemd, fag- og institusjonsforvaltning og engasjement i anna verksemd. Kvar enkelt forskar og student har ansvar for å setja seg inn i og følgja godkjende forskingsetiske retningslinjer i forsking/studium og tilgrensande verksemd, Han/ho skal handla med aktsemd for å sikra at forskingsetiske normer vert følgde. |
UiT Noregs arktiske universitet skal leggja nasjonale og internasjonale prinsipp til grunn for å sikra god forskingsskikk. Dei ulike forskningsområda har sine særskilte etiske utfordringar og forskarar og studentar har ansvar for å setja seg inn i, og følgja, normene for god forskingsskikk innafor sitt område. Normene går fram av retningslinjene til dei nasjonale forskingsetiske komiteane. |
Forskingsetisk utval ved UiT Noregs arktiske universitet Retningslinjer for handsaming av forskingsetiske spørsmål ved UiT |
|
Setja i gang forskingsprosjekt? Statement on ethical evaluation in EU-projects (2018/255) frå Den nasjonale forskningsetiske komité for samfunnsvitenskap og humaniora (NESH). (Oppslag frå Forskingsrådet) Biomedisinske forskingsprosjekt der det inngår forsøk på menneske skal leggjast fram for regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk Dyreforsøk krev særskilt løyve. Forsøksdyrutvalet har informasjon og søknadsskjema. Sjå også informasjon om Dyreavdelinga ved Helsefakultetet. |
Rettleiar for studentar på bachelor-, master- eller doktorgradsnivå? Eksterne lenker: |
Last updated: 07.01.2021 11:08
Oppslag i Etikkportalen UiT:
- Etikkportalen UiT
- Forskingsetikk (denne sida)
- Personvern
- Etisk drift
- Eksterne lenker
- Kontaktar og varsling

Kontakt:
![]() |
Olaug Husabø +47 776 45 277 |
- Forskingsetisk bibliotek - FBIB
- Etiske retningslinjer for statstenesta - FAD
- Regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk (REK)
- Lov om organisering av forskningsetisk arbeid (forskingsetikklova).
- Forskrift om forskningsetiske komiteer og utvalg (forskningsetikkforskriften)
Dokumenter:
[Loading...]