40 prosent av doktorgradane er av utlendingar

- Eg trur dette fyrst og fremst skuldast at forskingsmiljøet vårt har ein internasjonal standard som gjer det attraktiv å ta ein doktorgrad ved UiT, seier prorektor Kenneth Ruud.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 20.12.18 13:00 Oppdatert: 30.01.19 12:54
Tromsø Alta Hammerfest Kirkenes Harstad Narvik Bardufoss Svalbard Bodø Mo i Rana

Kenneth Ruud
Prorektor Kenneth Ruud seier fleire positive sidar ved at UiT er attraktivt for utanlandske PhD-studenter Foto: UiT

Fakta: 

Doktorgradar ved UiT:

Totalt i 2017: 118

Fyrste halvdel 2017: 76

Fyrste halvdel 2018: 67

Andel med utanlands statsborgarskap 2017: 39,8 prosent

Landsbasis:

Totalt fyrste halvår 2017: 816

Totalt fyrste halvår 2018: 836

Andel med utanlandsk statsborgarskap 2018: 40 prosent

Andel kvinner 2018: 51 prosent

 

Statistikken over doktorgradar fyrste semester ved universiteta i Noreg har komme. I 2017 blei det avlagt til saman 118 doktorgradar ved UiT, kor av 76 av dei var fyrste semester. I år var talet 67 for fyrste semester.

- Så langt i år har det vore 115 disputasar, så sjølv om det vil variere for kvart semester vil totaltalet vere temmelig likt kvart år, seier underdirektør ved UiT, Sølvi Brendeford Anderssen.

40 prosent med utanlandsk statsborgarskap

 

På landsbasis har heile 40 prosent av dei som tar doktorgrad, utanlands statsborgarskap. I 2017 var talet for UiT 39,8 prosent, tilsvarande 47 disputasar. Desse 47 hadde 20 ulike nasjonalitetar.

- Eg trur det fyrst og fremst skuldast at forskingsmiljøet vårt har ein internasjonal standard som gjer det attraktivt å ta ein doktorgrad ved UiT. Men også at vi kan tilby gode arbeidsføresetnadar, at våre vertskommunar kan tilby gode levevilkår og at dei er inkluderande overfor internasjonale innbyggarar, seier prorektor Kenneth Ruud.

Utanlandske studentar er ei god investering

 

Etter Ruud sitt skjønn er det ønskjeleg at flest mogleg av dei norske studentane, som har gode kvalifikasjonar og ønskjer doktorgradsutdanning, får anledning til å gjere det.

- Samstundes bidreg doktorgradsstudentane både til utviklinga av norsk forsking og å svara på behova som offentleg sektor og næringsliv har for dyktige PhD-kandidatar. På lengre sikt bidreg dei også til å skapa viktige internasjonale nettverk med dyktige forskarar. Å kunne rekruttere dei beste utanlandske PhD-studentar til norsk PhD-utdanning er derfor etter mi vurdering ei god investering. Det er viktig at vi tar godt vare på utanlandske PhD-studentar slik at dei for eksempel ser det som attraktivt å få seg jobb i norsk næringsliv eller offentleg sektor etter enda utdanning, og på den måte bidreg med sin kompetanse til framtidig norsk verdiskaping, seier han.  

 

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 20.12.18 13:00 Oppdatert: 30.01.19 12:54
Tromsø Alta Hammerfest Kirkenes Harstad Narvik Bardufoss Svalbard Bodø Mo i Rana
Vi anbefaler