Fornøgde toppidrettsstudentar ved UiT

– Eg har høyrt dei som seier at dei ikkje vil studera medan dei satsar i idrett, seier skiløpar og student Synne Arnesen.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 11.03.19 08:00 Oppdatert: 29.11.19 15:03
Tromsø Alta Harstad Narvik Svalbard

Jostein Maurstad Gundersen, Synne Arnesen og Yngvild Kaspersen er alle toppidrettsstudentar ved UiT. Foto: Lise Lotte Henriksen

Å kombinera studiar med ein karriere som toppidrettsutøvar kan vera krevande, difor er det viktig at utdanningsinstitusjonane hjelper til med å tilrettelegga.

– Trenden i Nord-Noreg har vore at om du er god så må du dra. Når vi har alle fasilitetar tilgjengeleg her, så er det viktig at vi ikkje mistar gode, unge utøvarar før studietida. Eg opplever at UiT er gode på å hjelpa til med dette, seier Ingrid Mortensen, fagansvarleg for teknikk/motorikk i Olympiatoppen Nord-Noreg.

Fornøgde studentar

I skrivande stund har UiT 52 studentar som er kvalifiserte som toppidrettsstudentar. Universitetsdirektøren har sendt brev til alle fakulteta og bede dei om å tilrettelegga studiane for studentane med status som toppidrettsstudent.

Å tilrettelegga betyr til dømes å få flytta eksamenar, innleveringar og praksisperiodar til eit anna tidspunkt, eller moglegheit til å ta studiet over lengre tid enn normalt.

– Eg har førebels ikkje nytta meg av det, for det har aldri vore ein krasj i tidspunkt for meg. Men eg har sett det skje med andre skiløparar. Vi kan ikkje flytta på skirenn, så då må Universitetet ordna det. Skulle det verte behov for flytting på noko, så er eg trygg på at UiT fiksar det, seier Synne Arnesen, som i tillegg til å vera skiløpar studerar sosiologi.

– Deilig å ha noko anna å fokusera på

Yngvild Kaspersen er løpar og studerer medisin. Eit studie med mykje obligatorisk undervisning. Ho er oppteken av å gjennomføra studiet ordentleg og med same seriøsitet som ho vier idrettskarrieren. Difor tek ho studiet over lengre tid enn ein vanleg medisinstudent.

– Eg er på fjerde året no, og har aldri hatt nokre problem med å fiksa utfordringane som oppstår. Kvar gong eg tek kontakt har det ordna seg, seier ho.

Å studera samstundes som du bygger ein idrettskarriere kan ein gjera på mange måtar. Jostein Maurstad Gundersen er fotballspelar og tek økonomi og administrasjon som nettstudiar. Han tek òg berre eitt fag i semesteret.

– Det kjennest bra å ha noko å gjera ved sidan av fotball. Det er òg kjekt å få førelesingar på video, då kan ein stoppa og spola om det er naudsynt, seier han.

Det seier Yngvild Kaspersen seg samd i.

– Det er bra for hovudet å vera fysisk aktiv. Det er òg deileg å ha noko anna å fokusera på når det går trått med løpinga.

Studentar frå heile landet

Arnfinn Andersen, som har vore hovudkontaktperson for toppidrettsstudentane ved UiT, fortel at toppidretsstudentane ved UiT kjem frå heile landet.

– Det er fordi vi er flinke til å tilrettelegga for dei. Det gir ein tryggleik at vi er fleksible på eksamensdatoar og praksistid, seier han.

Sjølv om det vert forventa at studentane skal vera tidleg ute med å melda frå om ting krasjar, hender det at universitetet må trå litt ekstra til.

– Det er sjølvsagd skilnad på idrettane. Skiløping har tidene sine og dei blir som regel ståande, men plutseleg vert ein fotballspelar kalla inn på landslagssamling. Men alt ordnar seg om vi bare prøver, seier Andersen.

Samstundes skryt han av studentane.

– Dei er gode ambassadørar for oss. Dei er forbilde og viser dei som kjem etter at ein kan gjera begge delar.

Info om toppidrettsstudentar

UiT har inngått ein samarbeidsavtale med Noregs idrettsforbund og Olympiske paralympiske komité gjennom Olympiatoppen, Finnmark idrettskrets og Troms idrettskrets. Dette for å mellom anna forplikte seg til å legga til rette for toppidrettsstudentar.

Det er strenge krav for å få status som toppidrettsstudent ved UiT. Her kan du lese meir om krava og korleis du søker.

NB! Ein må sende inn søknad kvart studieår.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 11.03.19 08:00 Oppdatert: 29.11.19 15:03
Tromsø Alta Harstad Narvik Svalbard
Vi anbefaler