UiT inviterer til open dag med førelesingsrekord

UiT Noregs arktiske universitet inviterer til open dag i Tromsø med over 60 miniførelesingar og over 30 aktivitetar for studienysgjerrige.

Ein mann står med VR-brillar og kontrollarar framfor eit kunstverk.
VR-reiser er berre ein av mange opplevingar på open dag. Foto: David Jensen / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 27.02.23 14:11 Oppdatert: 27.02.23 14:42
Om UiT Studentliv / Studier Tromsø

2. mars byr UiT på seg sjølv for alle som er interesserte i å begynne å studere. For at alle nysgjerrige skal få sjå kor utruleg mykje verdas nordlegaste universitet har å by på, held vi over 60 miniførelesingar og inviterer til over 30 ulike aktivitetar frå våre fagmiljø.

Nærmare 1000 elevar frå vidaregåande skular i regionen kjem, men alle som er nyfikne på høgare utdanning eller lurer på om dei skal begynne å studere er hjarteleg velkomne.

Ei kvinne i raud tskjorte ser i eit mikroskop på ein stand.
Frå Open dag i 2017. Foto: David Jensen / UiT

Vi inviterer til ei rekke særs ulike og spennande aktivitetar kor ein kan gå på alt frå låtskrivercamp til luktequiz, fange CO2, delta i ei rettssak, eller dra til Polhavet i VR-briller – og mykje, mykje meir!

I over 60 forskjellige miniførelesingar tilbyr vi program- og utdanningspresentasjonar, men òg førelesingar om samfunnsaktuelle og kuriøse tema som mellom anna:

  • Kor går vegen vidare i Ukraina?
  • Kan ein sosiolog forske på sædbankindustrien?
  • Kvifor har Leonardo DiCaprio berre unge kjærastar?
  • Kva er vippepunkta i jordas klimasystem?

Og det er ikkje alt! Det vert òg stands, omvisingar, og høve til å spørje om alt ein lurer på om UiT og høgare utdanning.

Les meir om føredraga og aktivitetane på https://uit.no/skole/apendag/tromso. Der finn du òg alt du treng av praktisk informasjon. Du kan òg kontakte Stine Holand for meir informasjon: 901 34 190 / stine.holand@uit.no.

Om du ikkje kan kome til Tromsø, vert det open dag i Harstad 16. mars, og i Narvik 8. mars. Open dag i Alta var 14. februar.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 27.02.23 14:11 Oppdatert: 27.02.23 14:42
Om UiT Studentliv / Studier Tromsø