Vi søker konsernsjef - vi ønsker student!

Gigantselskapet Adecco jaktar i desse dagane på ein student som skal få sitje som konsernsjef i ein heil månad. Lønn: 100.000 kroner.
Published: 04.02.11 09:59 Updated: 30.01.18 17:37

Tekst: Stefan Amlie

SigbjørnFosse_PerJørgenHøye.JPG (Bredde: 180px)
Studentene Sigbjørn Fosse (t.v) og Per Jørgen Høye (begge 25) synest det hadde vore artig å prøve seg som konsernsjef, men kjem nok ikkje til å søke på stillinga. Foto: Stefan Amlie

– Det hadde vore utruleg artig å få den sjansen, seier Per Jørgen Høye (25), som går fjerdeåret på lærarutdanninga ved Universitetet i Tromsø.

Han får støtte av Sigbjørn Fosse (25) som studerer sosialantropologi.

– Det høyrest svært spenstig og morosamt ut, seier Fosse.

 

– Det freistar å søke

Adecco er Noregs største rekrutterings. og bemanningsselskap med over 8000 medarbeidarar og ei årleg omsetning på fleire milliardar kroner.

Nylig lanserte dei ein kampanje for å finne ein student som kan fylle konsernsjef Anders Øwre-Johnsens sko i august 2011 – med ei lønn på 100.000 kroner. Det einaste kriteriet for å kunne søke, i tillegg til å vere student, er at du må gjennom ein uforpliktande og morosam test på nettet.

Les meir om konkurransen og ta testen her!

Trass i at Høye og Fosse synest ideen er god, kjem dei nok ikkje til å søke på stillinga.

– Lønna freistar veldig, men dei finn nok heilt sikkert betre kandidater enn oss, seier kameratane lattermildt.

Psykologistudent Ingrid Næve (20) trur derimot ho vil levere inn ein søknad på jobben.

– Det er ikkje ofte ein får ein slik sjanse. Det er ei stor utfordring og er sikkert veldig spennande, seier Næve.

– Eg er kanskje ikkje heilt den rette personen, men eg er sikker på at eg ville lært masse og fått mykje ut av det, legg hun til med eit smil.

 

– Ein genial kampanje

Ulrik Langøy, internasjonalt ansvarleg i Studentrådet ved Universitetet i Tromsø, hyllar Adecco for å gi studentane ein gyllen sjanse.

– Kampanjen er genial, ingen tvil om at dette er ei erfaring for livet, seier Langøy – som sjølv har teke den uforpliktande testen.

– Han var svært underhaldande og jeg tok nesten til å ta oppgåvene litt for seriøst. Eg blei utrulig engasjert, seier han og ler.

Langøy tvilar på at ein student får det fulle og heile ansvaret for Adecco, men peker på kva sjansen betyr for ein heldig student.

– Ein referanse frå leiinga av eit så stort konsert vil vere eit gullkorn på CVen, seier han.

– Så du rår studentane i Tromsø til å søke?

– Nei, då minkar jo sjansane mine for å vinne, seier Langøy spøkefullt, før han legg til:

– Sjølvsagt rår eg alle til å søke. Måtte den beste vinne!

Rår studentar til å søke

Derek John Clark, instituttleiar på Handelshøgskolen (HHT), rår også studentar til å søke på stillinga.

– Det hadde vore kjempeartig om den eine studenten som skal veljast ut kom frå HHT. Vi har utdanningsprogram innafor økonomi, administrasjon og leiing som er på høgde med andre nasjonale program. Vi har også studentar som er i toppskiktet, forklarar Clark.

– Det er fint om dei vil søke på denne stillinga, velvitande om at sjansane er små, legg han til.

Konsernsjefen i Adecco, Anders Øwre-Johnsen er siviløkonom, og denne utdanninga finst også ved HHT. Clark er difor sikker på at dei har eigna kandidatar, men oppmodar også studentar frå andre disiplinar til å søke.

– Leiarskap handlar mykje om personlege kvalitetar og ikkje nødvendigvis fagsamansetjing i utdanninga, avsluttar han.

Published: 04.02.11 09:59 Updated: 30.01.18 17:37