Velkomst for nye studentar og opning av nye studentbustadar
Pressen vert ønskja velkommen til arrangementet og opninga tysdag 16. august kl.11.00-13.30 .
Arrangementet startar utandørs i Labyrinten på campus i Breivika klokka 11, før vi flyttar oss opp til Dramsvegen Panorama klokka 12.15 for opning av studentbustadane.
Program for dagen:
11.00-12.00 Opning av studieåret i Labyrinten. Hovudtalar: Elisabeth Vik Aspaker
12.30-12.50 Offisiell opning av Dramsvegen Panorama studentbustadar
12.50-13.30 Pressen får høve til omvisingstur. Servering av pølser og kake
Velkomst for nye studentar
4975 studentar har takka ja til studieplass ved UiT, og ein stor del av desse er venta til velkomstmøtet i Labyrinten, som òg markerer opninga av det akademiske året. Hovudtalar i år er EØS- og EU-minister Elisabeth Vik Aspaker. I tillegg vil rektor Anne Husebekk, Tromsø-ordførar Kristin Røymo og leiar av Studentparlamentet Marthe Seland helse dei nye studentane våre hjerteleg velkommen. Det vert musikalske innslag ved Marie Vangen.
Opning av studentbustadar
Klokka 12.30 vil fylkesordførar Knut Werner Hansen foreta den offisielle opninga av Dramsvegen Panorama, Samskipnaden sine nye studentbustadar. Her får dei 225 studentane som skal bu der ein spektakulær utsikt, kort veg til campus, gode bussforbindingar, samt moderne design og friske fargar. Det vert talar ved statsråd Elisabeth Vik Aspaker, ordførar Kristin Røymo, rektor Anne Husebekk, studentparlamentsleiar Marthe Seland og styreleiar i Samskipnaden Johannes Utvåg.
Kontaktpersonar:
Isabell Bjørkli Larsen, kommunikasjonssjef, Noregs arktiske studentsamskipnad
Telefon: +47 922 63 809
Randi Solhaug, kommunikasjonsrådgjevar, UiT Noregs arktiske universitet
Telefon: +47 905 70 957