Retten til fesken – er ein revolusjon på trappene?

Fordeling av havressursane er eit brennheitt tema. Dagens system for fiskekvoter har nyleg blitt evaluert av eit regjeringsoppnemnt utval. Kva endringar føreslår utvalet? Onsdag vert eit opent seminar hald med utvalleiar, Arild O. Eidesen.
Moe, Trude Haugseth
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Trude Haugseth Moe
Published: 20.04.17 00:00 Updated: 30.01.18 16:53
Tromsø

Kven skal hauste av og tene på fiskererssursane?  Foto: Colourbox

Havet og fiskeria har alltid hatt avgjerande betydning for kystfolket. Som mange sikkert har fått med seg, er ny fiskerilovgiving og eit nytt kvotesystem no i støypeskeia.

Vil du halde deg oppdatert på utviklinga, har du ein fin sjanse til det onsdag 26. april. Då er det eit opent seminar om temaet i regi av KG Jebsen-senter for havrett.  

– Fiskerirett er eit sentralt tema for havrettssenteret og utvalet føreslår vesentlege rettslege endringar, som det er viktig å få vist, fortel Tore Henriksen, leiar for KG Jebsen-senter for havrett, om bakgrunnen for seminaret.

Utvalgsleiaren presenterer

Førstelagmann Arild O. Eidesen har ledet utvalget som har evaluert dagens kvotesystem for fiskeriene. Onsdag 26. april presenterer han utredningen på et åpent seminar på UiT. Foto: Hålogoland lagmannsrett

Arild O. Eidesen, leiaren av det regjeringsoppnemnde utvalet som har vurdert dagens system for kvotetildeling, skal  presentere utgreiinga NOU 2016: 26 – Et fremtidsrettet kvotesystem på seminaret.

Eidesen er førstelagmann i Hålogaland lagmannsrett og styreleiar ved Det juridiske fakultet ved UiT. Utvalet han har leia leverte utgreiinga si i desember i fjor. Det er framleis nokre dagar til høyringsfristen går ut 28. april.

Vil revolusjonere kvotesystemet

Så kva føreslår utvalet eigentleg?

Norske fiskarar bør betale ei avgift til fellesskapet for å få lov til å hauste av fiskeressursane, føreslår det regjeringsoppnemnde kvoteutvalet. Utvalet vil også revolusjonere kvotesystemet i fiskeria. Det er semje om at dagens intrikate kvotesystem må forenklast og fornyast. Kvoteutvalet arbeidde på overtid med utgreiinga, men har til gjengjeld levert ei tung innstilling.

– Vi er einige om ønsket om å innføre ei ressursrente i fiskeria. Det betyr at fiskeria på same måte som kraftindustri og oljeindustri må bidra til fellesskapet for å få lov til å utnytte ressursane, uttalte utvalsleiar Arild O. Eidesen til NRK då utgreiinga blei levert.

Delt utval

Utvalet deler seg langs fleire dimensjonar ved avviklinga av ein del av kvotesystemet. Utvalsleder Arild O. Eidesen og to andre medlemmer går inn for å opprette en statlig kvotebehaldning til utleige. Dette vil gi ytterlagare inntekter for staten som altså kjem i tillegg til ressursrenta. Seks medlemmer går ikkje inn for ei slik løysing, men vil lata dei kvotene det her er tale om gå til fartøya i dei respektive fartøygruppene slik dei i dag er definerte.

Utvalet føreslår innføring av eit nytt felles fiskeløyve og vil gi enkeltfartøy ein fast del av den nasjonale totalkvoten, og vil også opne for at fiskarane kan leige ut kvoter på ein felles marknadsplass.  

Spennande med andre sine meiningar

I tillegg til at Eidesen presenterer utgreiinga, vil det på seminaret bli opna for innlegg, spørsmål og diskusjon.

 – Å høyre kva andre meiner om dette blir sikkert vel så spennande som at eg skal halde føredrag – det skal bli interessant, seier Eidesen sjølv. 

Her finn du program for seminaret. 

 Fakta om kvoteutvalet
  • Eit regjeringsoppnemnt ekspertutval som skal gå gjennom heile systemet for tildeling av fiskekvoter.
  • Utvalet skal også vurdere om det skal betalast ei ressursrente tilbake til samfunnet for fiskekvoter verdt milliardar av kroner.
  • Utvalet har blitt leia av førstelagmann Arild Eidesen og leverte innstillinga si 14. desember 2016.
  • Høyringsfristen er utsett til 28. april 2017.  
  • Her kan du lese heile innstillinga!
  • (Kjelde: NTB/Nrk.no, regjeringen.no)

Moe, Trude Haugseth
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Trude Haugseth Moe
Published: 20.04.17 00:00 Updated: 30.01.18 16:53
Tromsø