Frå fjell til havbotn og vice versa

«Research Center for Arctic Petroleum Exploration-ARCEx» gjennomførde sin årlege konferanse i idylliske Malangen, med eit fagleg program som tok for seg både plante-, dyre- og mineralriket.
Os, Vibeke
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Vibeke Os
Published: 15.05.17 09:00 Updated: 30.01.18 17:41

Leiing og arbeidspakkeiarar ved ARCEx (frå venstre): førsteamanuensis Kim Senger (UNIS), professor Jan Inge Faleide (UiO/UiT), administrativ koordinator Ellen Ingeborg Hætta (UiT), senterleiar og professor Alfred Hanssen (UiT), assisterande direktør og professor II JoLynn Carroll (Akvaplan-niva/UiT), førsteamanuensis Sten-Andreas Grundvåg (UiT) og professor Jan Sverre Laberg (UiT). Alle foto: Vibeke Os

Forskingssenteret blei etablert i 2013 og har eit budsjett på heile 230 mill NOK over ein periode på åtte år. Midlane kom frå Forskingsrådet, Troms fylkeskommune (RDA-midlar), dei deltakande oljeselskapa, og dei akademiske partnarane. I denne åtteårsperioden ventar ARCEx å utdanne 30 doktorar og postdoktorar.

Stipendiat ved UiT Ana Sofia Aniceto (Akvaplan-niva), fortel førsteamanuensis Roger Flage (UiS) korleis droneteknologi blir brukt for å kartlegge kvalar i Kaldfjorden utanfor Tromsø. 

– Vi har eit veldig spennande og dynamisk fagmiljø, der seks universitet, fire forskingsinstitutt og åtte oljeselskap deltek, seier senterleiar og professor Alfred Hanssen. 

I følgje leiaren er det difor mange ulike innfallsvinklar og interesser som ligg til grunn for deltaking i senteret. Men felles for alle ligg søken etter kunnskap om geologi og økosystem i arktiske område, og utvikling av leiteteknologi som passar i desse områda.

Dekket eit breitt spekter

Senteret knyter saman oljeselskap som vil vite meir om mogelege olje- og gassressursar i nord og geologar, teknologar og marinbiologar som vil vite meir om utforminga av landskapet og den hårfine balansen mellom planter og dyr i arktiske strok.

Konferansen samla cirka 50 deltakarar og presentasjonane dekker eit breitt spekter av tema, frå de øvste fjelltoppar med bergformasjonar og lagdelte sediment, via isen på havoverflata, gjennom vannsøyla, på havbotnen og nedst i den vertikale aksen, komposisjon av grunnen under havet.

I tillegg til å kartlegge geologiske strukturar og biologiske organismar presenterte forskarane utvikling av ny teknologi, som droneteknologi og seismiske teknikkar som gir færre støyulemper i havet.

Det startet med en interesse for grotter og fortsatte med forskning på hulrom i bakken. Stipendiat Terje Solbakk (NTNU) har jobbet med metoder for å kunne detektere grottesystemer og kanaler på land, metoden bruker han nå under vann for å finne reservoarer med olje. 

Mange interesser

Spennet i fagpresentasjonen vert best beskriven med døme på noko av det som blei presentert: Landskapsformasjonar og avsetjingar på Svalbard, tektoniske mønster på havbotnen i Barentshavet, modellar for korleis oljesøl kan påverke torskebestanden og bruk av dronar til å kartlegge både isfjell og kval, spreiing av olje- og gassressursar i Arktis og verktøy for analyse av sikkerheit og risiko.

– Det har sjølvsagt vore utfordrande å sameine så ulike interesser spreidde over så mange institusjonar og selskap, men vi konstaterer at prosjektet er godt i rute. Vi har fått folk på plass ved alle lærestadane, og vi produserer solide forskingsresultat som vert publiserte i internasjonale topptidsskrift. Vi meiner også at vi har klart å skape eit godt miljø for å utføre tverr- og fleirfagleg forsking, og vi legg vekt på trivsel for å få forskarane til å produsere meir, seier Hanssen.

Os, Vibeke
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Vibeke Os
Published: 15.05.17 09:00 Updated: 30.01.18 17:41