Stor interesse for tysk språk og rock

Då UiT inviterte til felles tyskdagar med foredrag om tysk språk og rock kom 170 elevar og lærarar frå grunnskulen og den vidaregåande skulen.
Krehic, Slaven
Published: 07.06.17 12:00 Updated: 31.01.18 13:41

170 elevar og lærarar frå ungdomsskulen og den vidaregåande skulen fekk høyre om alt frå tysk rock til moglegheiter for å dra på utveksling med tyske universitet på ein tysk fagdag i regi av UiT Norges arktiske universitet.
På slutten av fagdagen vart det delt ut premiar til vinnarane av en konkurranse på tyskdagen. Foto: Slaven Krehic

Tyskland er den viktigaste handelspartnaren til Norge i Europa, og meir enn 3000 norske bedrifter har behov for tilsette med tysk språk- og kulturkompetanse.

– Målet vårt med å invitere så mange elevar og lærarar til ein felles tyskdag, er å gi både elevar og lærarar fagleg påfyll og ei litt annleis oppleving av tyskfaget, seier Cathrine Theodorsen, prodekan for utdanning ved Fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.

Stor interesse

Medan UiT tidlegare har invitert tysklærarar til ein årleg, felles fagdag, vart elevane i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen invitert saman med lærarane i år.

På fagdagen for den vidaregåande skulen fekk over 100 elevar og lærarar faglege foredrag om mellom anna det tyske bandet Rammstein og sjangeren Neue Deutsche Härte og informasjon om UiT sin satsing på utveksling med tyske kvalitetsuniversitet. Dagen etter fekk rundt 70 elevar og lærarar frå ungdomsskulen same speed-foredrag og ein uformell konkurranse.

– Responsen var så god at vi allereie har avgjort å gjenta arrangementet neste år, seier Theodorsen.

Fornyar årsstudiet

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ønskjer at fleire skal studere tysk, og ved UiT jobbar Institutt for språk og kultur med å fornye årsstudiet i tysk for å gi det enda meir fokus på studentaktivitetar, prosjekt- og prosessorientert læring, tekstforståing og språkopplæring.

– I tillegg ser vi på moglegheita for å tilby tysk på masternivå igjen, som eit studium skreddarsydd lektorutdanninga. Gode tysklærarar er ein føresetnad for at elevar skal fatta interesse for språket, meiner Cathrine Theodorsen.

Til hausten planlegg UiT workshops for tysklærarar i Alta, Narvik og Tromsø for å få innspel til kva dagens lærarar meiner lektorutdanninga bør innehalde. 

Krehic, Slaven
Published: 07.06.17 12:00 Updated: 31.01.18 13:41