Idrettsforskaranes tips til trenarar

Trenarar bør ta omsyn til tidspunkt på dagen – og i kva grad utøvarane er morgonfuglar eller natteramnar – når dei planlegg trening.
Andersen, Elisabeth
Published: 14.06.17 10:00 Updated: 30.01.18 14:02

Når på døgnet du trener kan ha noko å seie for korleis du presterer, avhengig av om du er morgonfugl eller natteramn. Foto: Colourbox

Det kjem fram i ein artikkel skrive av professor emerita Andi Weydahl ved Idrettshøgskulen ved UiT, saman med italienske Jacopo Antonino Vitale. Artikkelen vart publisert i velrennomerte Sports Medicine i mai. 

Weydahl og Vitale har søkt gjennom fleire databasar for å finne fram til alle vitskaplege publikasjonar som har undersøkt effekten av å vere «morgonfugl» eller «nattramn» idrettsutøvarane sine resultat, og dessutan reaksjonar på fysisk aktivitet.

Morgonfuglar vert mindre medtekne tidleg på dagen

Professor emerita Andi Weydahl har i ei årrekkje forska på korleis  personar reagerer på mørketid, midnattssol og nordlys, og om det kan ha betyding for effekten av trening, aktivitetar og prestasjonar. Foto: Sunniva Verkland

Etter gjennomgang og analysar av resultata i dei ulike rapportane, fann dei ut at det er mange usvarte spørsmål på feltet.

– Men det verkar som om det er semje om at kva for ein type utøvaren er – anten «morgonfugl» eller «natteramn», har betyding for korleis utøvaren opplever anstrenging og det å vere trøytt. Morgonfuglar synest å ha ein fordel fordi dei følar seg mindre slitne første del av dagen samanlikna med andre typar. Det verkar som om kjennskap til ein såkalla kronotype kan hjelpe trenarar i treningsplanlegginga ved fastsetting av tidspunkt for treningsøktene, fortel Andi Weydahl.

Litteraturstudien spring ut frå Weydahl si forsking på korleis organismen reagerer på mørketid, midnattssol og nordlys, og korleis desse faktorane påverkar prestasjonsevna og effekten av trening.

Ho er spesielt oppteken av om det er føremålstenleg for ulike individ å leggje trening til ulike delar av døgnet. I samarbeid med Erasmus-studentar frå Italia har fleire studium vorte gjennomført ved campus Alta, der morgonfuglar og andre utøvarar har gjennomført aktivitet på ulike tider av døgnet.

Les om korleis morgonfuglar reagerer på sjølvvalt intensitet            

Du kan lese meir om Andi Weydahl sin forsking på ResearchGate

Les også: Kva har lyset å si for treninga?

Natteramnar responderte meir på uthaldstrening

Weydahl og hennar kollegaer har òg studert 30 personar som trente i åtte veker i perioden november 2015 til januar 2016 . Det var ikkje snakk om idrettsutøvarar, men ordinære forsøkspersonar som i utgangspunktet var utrent eller i moderat form. Personane var anten morgonfuglar, natteramnar eller dei hadde ikkje nokon spesiell preferanse. Resultata viste at det var natteramnane som hadde størst respons på uthaldstreninga. 

Les også: Sjusovarar søkast til trening

Forskinga til Weydahl vekkjer interesse internasjonalt, og studien om «morgonfuglar» og «natteramnar» vart nyleg presentert på ein konferanse i Kina (International Society for Chronobiology).  Til sommaren skal Weydahl og kollegaer presentere funna sine på den store europeiske idrettskonferansen (ECSS) i Tyskland.

Andersen, Elisabeth
Published: 14.06.17 10:00 Updated: 30.01.18 14:02