Økt fokus på tysk-norsk samarbeid

– Tyskland er Norges viktigaste handelspartner i Europa. Det bør i større grad speilast att i internasjonaliseringa innan høgare utdanning, seier Sigrid Ag, som er leiar for Seksjon for internasjonalisering av studium ved UiT.
Nilsen, Kjetil
Published: 11.10.17 00:00 Updated: 30.11.17 13:09
Harstad

Sigrid Ag minner om Kunnskapsdepartementet sin tiltaksplan, som inngår som del i regjeringa si såkalla tysklandstrategi.

– Planen inneheld ei rekkje tiltak som legg til rette både for nærare forskingssamarbeid og auka omfang av studentutveksling. Dette er kjærkome, for tyske forskings- og utdanningsinstitusjonar er kjent for sin høge kvalitet, seier ho.

– Når vi veit kva for ei betydeleg rolle Tyskland speler for norsk verdiskaping, så vert auka kompetanse om det tyske samfunn, språk og kultur desto viktigare. Der har vi som universitet ein naturleg plass, føyer ho til. 

Gunstig språkkurs-ordning

Kunnskapsdepartementet sin første tiltaksplan for Tyskland vart lansert for to år sidan og vart følgt opp med nye tiltak i sommar.

– For mange er utvilsamt språkbarrieren eit viktig hinder for å studere i Tyskland. Dette er det no teke tak i ved at støtte til lengre språkkurs, finansiert gjennom Lånekassa, er utvida frå eit halvt år til opptil eitt år, seier Ag.

Det er òg mogleg å kombinere kortare språkkurs med hovudutdanninga. Studentane får dessutan halde på stipendet, sjølv om dei ikkje byrjar på planlagd utdanning innan ei viss tid etter fullført språkkurs.

 

Sigrid Ag under EAIE-konferansen i Sevilla nyleg, med UiT-kollegaer. Bak: Moustapha Babikir, Ane-Marie Hektoen, Kjersti Dahle, Lene Øye, Marte Kanck-Jørgensen, Kirsten Zachariassen, Kristian Osnes Ambø, Bjørn Vang og Kjetil Nilsen. Foto: UiT.

Norsk-tysk nettverksmøte 

Norge deltek i to store europeiske samarbeidsprogram, som begge er viktige arenaer for samarbeidet med Tyskland: Erasmus+ legg til rette for samarbeid i form av mellom anna mobilitet blant studentar og tilsette, medan Horisont 2020 er sentralt for forskings- og innovasjonssamarbeidet. Begge vil bli gjeve framleis høg prioritet frå norsk side.

Ein felles norsk-tysk konferanse om høgare utdanning og forsking vart halde i Berlin i fjor. Ein tilsvarande konferanse er planlagd halde i Norge i 2018 for å styrkje samarbeidet med tyske utdannings- og forskingsstyresmakter.

– Som del av oppfølginga av tysklandstrategien arrangerte SIU saman med den tyske systerorganisasjonen eit felles norsk-tysk nettverksmøte under den store EAIE-konferansen i Sevilla nyleg. UiT var representert der, og møtet gav nyttig oppdatering om utviklinga innan tysk høgare utdanning, seier Sigrid Ag.

– Positive erfaringar

Seniorrådgjevar Inger Lise Kristiansen ved Handelshøgskulen UiT i Harstad var ein av dei som deltok på det norsk-tyske nettverksmøtet i Sevilla.

Inger Lise Kristiansen, seniorrådgjevar ved Handelshøgskulen, UiT i Harstad. Foto: Kjetil Nilsen/UiT

– Vi har rett nok ei avgrensa mengd tyske partnarar, men røynslene er absolutt positive. Ein av økonomistudentane våre i Harstad reiste til Ludwig-Maximilians-Universtät i München i haust for å ta siste året av bacheloren sin der. Ein annan tysk institusjon – DHBW Ravensburg – har vi samarbeidd med i fleire år, og vi har no ein av studentane deira hos oss, seier ho.

– Cologne Business School er òg ein institusjon vi har samarbeidd lenge med, og der har ein våre tilsette, førsteamanuensis Baard Herman Borge, hatt eit forskingssamarbeid gåande over fleire år. Han skal dessutan på Erasmus-utveksling i mars, avsluttar Inger Lise Kristiansen.     

Nilsen, Kjetil
Published: 11.10.17 00:00 Updated: 30.11.17 13:09
Harstad