Forskarar frå Tromsø og Asia samarbeidde om bok om skipsfart i Arktis

For asiatane er det no mogleg å segle raskare til Europa via Arktis enn før, på grunn av smeltande havis. Men arktiske statar og asiatiske statar har ulike interesser når det gjeld den nye sjøvegen. Korleis kan ein samarbeide?
Moe, Trude Haugseth
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Trude Haugseth Moe
Published: 25.10.17 15:30 Updated: 04.12.17 10:16
Tromsø

Bilete frå konferansen i Singapore i 2015 som la grunnlaget for samarbeidet mellom forskarane frå KG Jebsen senter ved UiT og forskarar frå National University of Singapore (NUS). Foto: Privat

Havrettsforskere fra  KG Jebsen-senter for havrett ved Det juridiske fakultet på UiT og National University of Singapore (NUS) har nyleg publisert ei bok saman, om korleis ein kan regulere skipstrafikken i Arktis.

Grunnlaget for å skrive boka Governance of Arctic Shipping. Balancing Rights and Interests of Arctic States and User Statesvart lagt på ein konferanse om skipsfart som vart arrangert i Singapore i desember 2015 .

Les òg: Arrangerer Arktis-konferanse i Singapore

I boka handsamar forskarane den aukande skipsfarten i Arktis som følgje av at havisen gradvis smeltar og vert tynnare slik at seglingsleiene mellom Europa og Asia vert farbar. Det er stor interesse i Asia for å bruke denne sjøvegen, fordi han opnar for raskare transport mellom kontinenta.  

Hvordan kan man samarbeide om skipsfart i Arktis, til beste både for "brukerstatene" og det sårbare miljøet? Foto: Colourbox

Ulike interesser

Forskarane drøftar blant anna korleis ein kan leggje føringar på og regulere skipstrafikken i Arktis, for mellom anna å gjere transporten sikker og hindre at han påfører miljøet skade. Sentralt her er korleis rettane og interessene til dei arktiske kyststatane og til dei asiatiske statane eller brukarstatane kan kan bli vekta opp mot kvarandre.

 For interessene er ulike: Kyststatane har sterk interesse av å beskytte det marine miljøet i Polhavet, medan brukarstatane har interesse av at reguleringane av skipsfarten ikkje fører med seg urimelege hindringar og kostnader for fartøya som skal segle gjennom desse havområda.

Så kva er reglane for skipsfart i Arktis?

Tore Henriksen er leiar for KG Jebsen senter for havrett ved UiT.

. Foto: Trude Haugseth Moe

– Havretten gjev kyststatane eit visst tilgjenge til å regulere skipsfart for miljøomsyn, medan alle statar har rett til å lata fartøyet sine segle gjennom dei same farvatna, fortel Tore Henriksen, leiar av KG Jebsen-senter for havrett og ein av boka sine medforfattarar. Han forklarer at dette er utgangspunktet, og så må ein finne måtar å regulere behovet til begge sider.

Les òg SOS fra Arktis

Bidreg til vidare samarbeid med asiatiske universitet

Henriksen meiner bokprosjektet òg har bidrege positivt til samarbeid med havrettslege forskingsmiljø i Asia, som dei vil byggje vidare på. UiT har som kjent nettopp inngått samarbeidsavtale med National University of Singapore, og har òg signert avtaler med fleire kinesiske universitet.

Les òg: Inngår ny samarbeidsavtale i Asia

Konkret uttrykk for samarbeid

UiT-rektor Anne Husebekk, som på vegner av UiT har signert samarbeidsavtaler med A*STAR 

og National University of Singapore er svært glad for at samarbeidet mellom UiT og fagmiljø i Singapore har fått eit så konkret uttrykk.

– Denne boka illustrerer på ein utmerka måte at KG Jebsen-senteret for havrett og Det juridiske fakultet har bygd opp verdsleiande kompetanse på dei juridiske aspekta av arktisk skipsfart, og han viser tydinga av tett fagleg samarbeid mellom Arktis og Asia. Dei problemstillingane som vert diskutert i boka vil òg vere sentrale i det arbeidet som Senter for hav og Arktis skal i gang med når det opnar i løpet av 2018, seier Husebekk.

Nytter røynsler frå skipsfart i Søraust-Asia

Erik Molenaar er professor ved KG Jebsen-senter for havrett og ein av boka sine medforfattarar og redaktørar. Foto: Privat

I det siste kapittelet kjem redaktørane med nokre tilrådingar for korleis ein kan regulere framtidig skipstrafikk i Arktis, basert blant anna på røynslene frå samarbeidet om skipstrafikken i Malakka- og Singapore-stredet.

– Vi trur absolutt det er mykje lærdom å hente frå Søraust-Asia; røynsler som kan brukast som modellar for liknande samarbeidsmekanismar i Arktis, seier ein av redaktørane av boka og forfattarar, Erik Molenaar.

 Utanfrå-perspektiver har stor tilleggsverdi

– Det har ein stor tilleggsverdi å inkludere andre – utanfrå – og perspektiva deira i forskinga på det internasjonale regelverket for forvalting av arktiske havområde, avsluttar leiar for KG Jebsen-senter for havrett ved UiT, Tore Henriksen.

Kjappe fakta om prosjektet:

- Boka Governance of Arctic Shipping. Balancing Rights and Interests of Arctic States and User States er utgjeve på Brill i september 2017.

- Boka er eit av resultatene av det store prosjektet A-lex: regulating Arctic Shipping Political, legal, technological and environmental challenges

- Forfattarane frå KG Jebsen-senter for havrett ved UiT: Erik J. Molenaar, Tore Henriksen, Jan J. Solski og Kristine D. Kraabel.

- Redaktørar: Erik J. Molenaar, Kristine D. Kraabel og Tore Henriksen. 

Moe, Trude Haugseth
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Trude Haugseth Moe
Published: 25.10.17 15:30 Updated: 04.12.17 10:16
Tromsø