Desse vil bli viserektorar ved UiT

Søkarlista til dei to viserektorstillingane ved UiT er klar. Fire har søkt på stillinga som viserektor for Finnmark og Nord-Troms, medan ni personar har søkt på stillinga som viserektor for Sør-Troms og Nordland.
Utsi, Inger Elin Kristina
Published: 25.10.17 00:00 Updated: 27.11.17 14:32

HOVUDSETE: Alta (bildet) og Harstad blir hovedsete for dei to viserektorstillingane. Foto: Inger Elin Utsi

1. januar 2018 vert to regionale viserektorstillingar ved UiT oppretta. Søknadsfristen for dei to stillingane gjekk ut 23. oktober.

Stillingane skal inngå i toppleiinga ved universitetet og ha eit regionalt ansvar for det som i dag er Finnmark og Nord-Troms, samt Sør-Troms og Nordland. Hovudsete for stillingane leggjast til Alta og Harstad.

Søkarliste, viserektor for Sør-Troms og Nordland:

Silje Camilla Wangberg (38), professor/assisterande instituttleiar, Narvik
Peter Wide, (62 professor, Tromsø
Rikke Gürgens Gjærum (44), professor, Harstad
Edel Palma Storelvmo (65), viserektor, Narvik
Ellen Riise (43), lærar, Evenes
Linn-Elise M. Pedersen (34), SAP konsulent-team lead
Søkar er unnateke offentlegheit, kvinne
Søkar er unnateke offentlegheit, kvinne
Søkar er unnateke offentlegheit, mann

Søkarliste, viserektor for Finnmark og Nord-Troms:

Wenche M. Kjæmpenes (55), dekan, Alta
Sveinung Eikeland (61), viserektor, Alta
Stein Tage Domaas (58), seksjonssjef, Landbruksdirektoratet, Porsanger
Jon Abraham Lie Leinæs (25), student/laboratorieleiar, Trondheim  
 

Viserektorane skal bidra til å løfte fram UiTs satsingar innan forsking og utdanning. Stillinga som viserektor er ein fagleg leiarfunksjon, og har på vegne av rektor ansvar for UiT sin verksemd som regional utviklingsaktør og for å tydeleggjere og forsterke UiTs samla innsats på dette området.

Viserektor har ein fagleg leiarfunksjon med delegert beslutningsmyndigheit frå rektor. Viserektor tilsettast på åremål, og følgjer åremålsperioden til rektor fram til 31.7.2021.

Viserektor skal:

- Vere eit felles fagleg kontaktpunkt for samhandlinga mellom UiT og regionen som i dag utgjer Sør-Troms og Nordland/ regionen som i dag utgjer Finnmark og Nord-Troms
- Vere ein tydeleg inngangsport til UiT for samfunnsaktørar i regionen
Representere breidda i UiTs profil og kompetanse
- Leggje til rette for hensiktsmessige samarbeidsformer med statlege verksemder, kommunar, fylkeskommunar, næringsaktørar og andre relevante samarbeidspartnarar i regionen
- Ha god dialog og avklare arbeidsdeling med aktuelle einingar og fagmiljø ved heile UiT
- Ha ein fagleg koordinerande funksjon for UiT sine campusar og studiestadar i Sør-Troms og Nordland
- Ha ein pådrivarrolle for fagleg utvikling av og samhandling mellom UiTs aktivitetar og fagmiljø i regionen
- Stimulere til utvikling av campusar og studiestadar i nær dialog med dekanar og instituttleiarar
- Leie campusråd og bidra til å utvikle og setje i verk campusstrategiar vedteke av universitetsstyret
- Bidra til leiing og koordinering av UiT som heilskap, med særskilt ansvar for å løfta fram region- og campusspesifikke høve og utfordringar for UiTs leiing

Det er universitetsstyret som tilset viserektorane og tilsettingane skal etter planen skje på styremøtet 30. november. 

Utsi, Inger Elin Kristina
Published: 25.10.17 00:00 Updated: 27.11.17 14:32