Vil starte opp landets første forskarlinje i psykologi ved UiT

Forskningsrådet håper å kapre dei beste hovuda til forsking før næringslivet gjer det.
Torsøe, Mathilde
Published: 03.11.17 00:00 Updated: 03.11.17 15:15
Tromsø

NYTT TILBOD: Om alt går etter planen får UiT forskarlinje i psykologi frå neste haust (illustrasjonsfoto). Foto: Colourbox

Forskingsrådet tilbyr UiT Norges arktiske universitet å starte opp forskarlinje i psykologi frå hausten 2018.

Målet er at det skal styrke rekrutteringa til forsking i faget. I førsteomgang skal forskarlinja starte opp som eit pilotprosjekt som skal ta opp seks studentar årleg. Det melder Forskingsrådet i ei pressemelding. 

Ingunn Skre, instituttleiar ved psykologi ved UiT, er svært glad for planane. 

– Psykologisk institutt og Det helsevitenskapelige fakultet har jobba strategisk i fire- fem år for å få til denne forskarlinja, så i dag er vi glade. Dette blir veldig spennande, seier Skre, som saman med prodekan Jan Rosenvinge har sete i arbeidsgruppa nedsett av  Forskingsrådet for å få til forskarlinja.

Det einaste som står att er at universitetsstyret ved UiT godkjenner planane. 

– Regjeringa har opna opp for å etablere forskarlinjer for talentfulle og motiverte studentar. Erfaringa viser at forskarlinjer kan gjere ein forskarkarriere meir attraktiv, og få fleire unge, gode og sjølvstendige studentar til å ta doktorgrad. Det krevjar god opplæring, men er ein føresetnad for framtidig forskingskvalitet, seier kunnskapsminister Henrik Asheim (H) i pressemeldinga. 

Fem nye forskarlinjer 

Forskingsrådet ønsker også å støtte forskarlinjer på fire andre universitet frå neste haust: 

  • Ingeniørvitskap ved NTNU
  • Rettsvitenskap ved Universitetet i Bergen
  • Informatikk ved Universitetet i Oslo
  • Veterinærmedisin ved Norges Miljø- og biovitenskapelige universitetet (NMBH)

Forskingsrådet håper studentane som startar på dei nye forskarlinjene vil få eit forsprang på å ta doktorgrad ved sidan av vanlege studiar. Både master- og profesjonsstudentar i psykologi vil få høve til å søke på forskarlinja ved UiT.  

NØGD: Ingunn Skre, instituttleiar ved psykologi ved UiT, er svært nøgd med planane om forskarlinje i psykologi. Foto: Torbein Kvil Gamst
– Psykologifaget er i vekst

Universiteta har sjølv valt fag som slit med rekruttering til forsking, eller der behovet for kompetanse truleg vil auke i framtida. 

Den føreslegne modellen ved UiT utgjer 120 studiepoeng i tillegg til det ordinære studiet, og forlenger studieløpet med eit år.  

– Vi ønsker å kapre fleire av dei beste hovuda til forsking før næringslivet gjør det, seier Jon-Arne Røttingen, administrerande direktør i Forskingsrådet, til UiT.no. 

– Studentane skal begynne på forskarlinja etter tredjeåret på psykologi. Dei tek då ein pause i studiet og går eit år på forskarlinja. Deretter skal dei gå vidare på det ordinære studieløpet, parallelt med at det jobbar med forskingsprosjektet sitt. Det nye pilotprosjektet er basert på dei gode erfaringane frå forskarlinja i medisin, held han fram. 

Ifølge Skre er det behov for forskarlinje i psykologi av  fleire grunnar: 

– I likskap med fleire andre kliniske fag er psykologi i vekst. Det er også i ferd med å skje eit generasjonsskifte i faget, mange vitskapelege tilsette skal pensjonerast. Når profesjonstudentane er ferdig kan dei velje i eit veldig rikt arbeidsmarknad - vi vil fange opp forskartalenta før dei vert plukka opp av andre delar av kunnskapssektoren. Doktorgradsstudentane vi uteksaminerer er veldig attraktive på arbeidsmarknaden.

Skre seier at Psykologisk institutt i dag får mange utanlandske søkarar til stipendiatstillingane sine. 

– Det er bra, men vi  treng også vitskaplege tilsette med master-, profesjons- og forskarerfaring frå Norge. Vi treng ein god miks av forskarar som kan utvikle faget vidare. Det er særleg rekrutteringsproblem innanfor utviklingspsykologi, i heile Norge. 

Gode resultat frå forskarlinja i medisin

– Ser du nokre utfordringar ved forskarlinja?

– Utfordringa vil bli å finne riktige forskingsprosjekt for studentane på forskarlinja. Eg vil tru linja vil gjøre både profesjons- og masterstudiet i Tromsø meir attraktivt siden vi vert aleine i Norge om å tilby forskarlinje i psykologi, seier Skre. 

Det vil også betyr høgare karakterkrav på studiar som allereie har høge opptakskrav. 

I 2002 vart det innført forskarlinja i medisin, og dette har gitt gode resultat. Ifølge Forskingsrådet har talet på  ph.d-er i faget auka frå 337 til 432 per år frå 2008 til 2016 - dobbelt så stor prosentvis auke som for doktorgradar generelt. 

Forskarlinjestudentane på medisin brukar kortare tid enn andre på å fullføre doktorgraden sin, i gjennomsnitt eitt år. Snittalderen når dei disputerer er 30 år, mens snittalderen for medisinarar elles er 40 år. 

LES OGSÅ: UiT ønsker flere til forskerlinja til odontologi

Eigne forskarlinje-stipend

Ifølge Forskingsrådet skal dei nye linjene finansierast på same måte som forskarlinjene innanfor medisin. 

– Forskingsrådet bidreg med studentstipend til forskarlinjestudentane tilsvarande 100.000 kroner per 60 studiepoeng utover ordinært studium. Driftstilskot til studentane og dei administrative utgiftene forbunde med å drive ei forskerlinje vil finansierast av UiT sjølv, opplyser Line Tangerås, rådgjevar i Forskingsrådet, på e-post. 

På Det helsevitenskapelige fakultet finst det i dag to forskarlinjer fra før av. Ein på medisin og ein på odontologi som starta opp hausten 2016. 

Torsøe, Mathilde
Published: 03.11.17 00:00 Updated: 03.11.17 15:15
Tromsø