Nytt biologibygg bidreg til viktig klimaforsking

Fredag opna det nye biologibygget ved UiT. Mellom anna skal bygget bidra til at forvaltninga skal vere betre førebudd når klimaet endrar seg.
Bludd, Ellen Kathrine
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Ellen Kathrine Bludd
Published: 14.01.18 00:00 Updated: 17.02.18 16:28

Det nye biologibygget på UiT vart offisielt opna fredag 12.januar 2018. Foto: Harald Grape

Rektor og ordfører var på plass på den offisielle opninga for det nye biologibygget. Foto: Ellen Kathrine Bludd

Fredag 12. januar, på same dag som avsparket for 50-års jubileet ved UiT Noregs arktiske universitet, erklærte rektor Anne Husebekk det nye biologibygget ved UiT for opna.

Det at det nye bygget ligg så nær Arktisk biologi-bygget bidreg til ei ønska og strategisk samlokalisering av biologiske forskingsmiljø ved UiT. Fokus på biologi, klima og miljø har i dei seinare åra vorte stadig større, og ved UiT har også talet på studentar, forskarar og tilsette i miljøet auka. 

– Det nye biologibygget stimulerer til læring og forsking, og klimastudiar gjort her vil kunne gi råd til både forvaltning og politiske vedtak, sa ein stolt rektor Anne Husebekk.

Ein stor del av forskarane ved det nye biologibygget jobbar med biologisk forsking i Arktis relatert til klimaendring, og ønsker å bidra til forvaltningstiltak som kan bøte på klimaendringa. 

Les også: Jubileumsåret er sparka i gang 

Betre undervisnings- og forskingsfasilitetar

Instituttleiar Geir Rudolfsen og prodekan Monica Alterskjær Sundset ønska velkommen til opninga, her med professor Paul Wassmann. Foto: Ellen Kathrine Bludd

– Arktisk klima og miljø er viktig for Tromsø og biologimiljøet på UiT er med på å gi Tromsø som arktisk hovudstad eit innhald, både i det nasjonale og ikkje minst det internasjonale perspektivet, sier Geir Rudolfsen, leiar ved Institutt for arktisk og marin biologi.

– Det same gjeld utdanningar innan arktisk. Verdas nordlegaste universitet byggjer på Tromsøs sterkaste sider med mange kompetente arktiske partnerar, seier Rudolfsen.

Bygget, som kosta 130 millionar kroner og er 3600 kvadratmeter stort, har masterplassar, grupperom, kontor, møtefasilitetar, laboratorium og temperaturregulerte forsøksfasilitetar.

- Dette gir gode vilkår for ein styrka og framtidig aktivitet i økologisk forsking, energi og miljø, kronobiologi og arktisk mikrobiologi, alle viktige innan satsingsområda ved UiT Noregs arktiske universitet. Samlokaliseringa gir faglege synergieffektar og betre ressursutnytting ved UiT. Også samling av masterstudentar bidreg til eit tett forhold til rettleiarar og eit betre læringsmiljø, fortel Rudolfsen.

Ordfører Kristin Røymo var talte og gratutulerte UiT med nytt bygg. Foto: Ellen Kathrine Bludd

Ein ny muskel

– Kvar gong det kjem eit nytt bygg ved UiT, får Tromsø ein ny muskel, sa Tromsøs ordfører Kristin Røymo under den offisielle opninga av biologibygget på fredag den 12. januar. Ho var imponert over at bygget hadde ein nord-norsk karakter.

Under leiing av avdelingsdirektør Erland Loso, har UiT for første gang sjølv stått ansvarleg som byggherre for eit eigenfinansiert bygg. 

– Det var ei stor utfordring å byggje eit så stort bygg midt mellom barnehage og levande dyr, men vi er stolte over det ferdige bygget, fortel Erland Loso. 

 

Historisk tilbakeblikk

På opninga fredag gav prof. emeritus Arnoldus Blix frå forskingsgruppa arktisk kronobiologi og fysiologi oss eit historisk tilbakeblikk med høgdepunkt av utviklinga til biologisk forsking ved UiT. Han viste fram mange bygg der det har vore drivet biologisk forsking opp gjennom dei 50 åra UiT har eksistert.

Han uttrykte glede over at miljøa no skulle samlokaliserast, og ønska velkommen til gards! 

Nybygget er nært  knytt til Arktisk biologi-bygget, med sitt unike forsøksdyranlegg for ville arktiske dyr. Det er venta at denne samlokaliseringa av biologiske forskingsmiljø ved UiT skal styrke ressursutnytting og gi store faglege synergi-effektar.

Les også: Frå fangstmann til forskar 

Framtidas unge forskarar

To unge forskarar, Eeva Soininen og Shona Wood, presenterte eit framtidsbilde på arktisk forsking, klimaendringar og biologiske rytme. 

Rektor Anne Husebekk med unge biologi-forskarar Eeva Soininen (t.v.) og Shona Wood (t.h.) Foto: Ellen Kathrine Bludd

Shona Wood fortalde om at timing er særleg viktig på høge breiddegrader, der sesongskiftinga i f.eks. klima og næringstilgang er spesielt store.

- Klimaendringar som fører til at våren kjem tidlegare enn dyra hadde venta kan få fatale konsekvensar for enkelte arter, for eksempel fordi de framleis har kvit vinterfjør-/pelsdrakt etter at det har vorte berrmark, fortalde Wood. 

Kunnskap om korleis klokkene deira fungerer og kor fleksible dei er for endringar vil auke våre mogelegheiter til å føreseie effektane av klimaendringar på slike organismar.

Eeva Soininen fortalde om økologisk forsking relatert til klimaendring og forvaltning. Det vil vere veldig nyttig dersom vi forstår endringane som skjer, då kan vi vere betre førebudde til å takle framtida. Difor har forskerane ved Institutt for arktisk og marin biologi starta det store prosjektet COAT, climate ecological observatory for arctic tundra for å studere kva som skjer i økosystemet over ein lang tidsperiode. 

Framtidsretta klimaforsking

– Vi veit ikkje korelis klimaet vårt vil vere om hundre år, men menneska, dyra og plantene som er her må finne måtar å justere liva sine til desse endringane, fortel Soininen

– Når vi ser på for eksempel svalbardrypa over ni år, så kan det sjå ut som om det er ein nedgang i arta. Men dersom ein studerer arta heilt tilbake til 2000, så ser bildet annleis ut. Då ser talet heller ut til å auke. Difor vi må følgje med artene over ein lang tidsperiode for å sjå kva som verkeleg skjer og kvifor det skjer, her spelar mange faktorar inn, seier den unge forskaren. 

Les også: Vil bruke song for å redde rypene

COAT forskarane under leiing av professor Rolf Ims er også svært involverte i forvaltningsprosjektet på fjellrev i Finnmark, der ein har tatt ut ei stor mengde raudrev. Neste steg er utsetjing av fjellrev-kvelpar på Varangerhalvøya. Forskarane ved UiT skal følgje med og analysere resultata. Temperaturrom og gode møtefasilitetar i bygget er viktige for eksperiment og utvikling av COAT.

Les også: unikt klimaobservatorium vert etablert ved UiT

Det nye biologibygget heng saman med Arktisk biologibygget. Foto: Harald Grape

 

 

Bludd, Ellen Kathrine
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Ellen Kathrine Bludd
Published: 14.01.18 00:00 Updated: 17.02.18 16:28