Får NATO-støtte til å forske på hybrid krigføring

UiT skal leie eit nytt, internasjonalt forskingsprosjekt om hybrid krigføring. NATO støttar prosjektet med tre millionar kroner.
Aarskog, Karine Nigar
Published: 02.02.18 00:00 Updated: 07.02.18 17:45

Forskningsprosjektet skal blant annet se på konflikten i Afghanistan.
Forskningsprosjektet skal mellom anna sjå på konflikten i Afghanistan.

Hybrid krigføring har komme stadig meir i søkelyset dei siste åra. Det handlar om å bruke alle slag midlar, ikkje berre militære, i ein krig. Informasjon, økonomiske midlar, sosiale midlar og påverknad av konfliktlinjer som alt finst i samfunnet. Ofte for å ramme sivile.

– Vi ser ei utvikling internasjonalt der dette blir ein stadig meir vanleg måte å skape konflikt på. Krigane består ikkje lenger av to hærar mot kvarandre, men av ulike aktørar og element som er involverte for å vinne ei sak. Hovudinnsatsen ligg i andre ting enn militær makt, seier professor ved Senter for fredsstudiar ved UiT, Gunhild Hoogensen Gjørv.

Fake news og sosiale medium

Professoren skal leie det internasjonale forskingsprosjektet ”Resilient Civilians in Hybrid and Population-Centric Warfare” (ResilientCivilians) som har fått tre millionar kroner frå NATO til eit treårig prosjekt om hybrid krigføring. Temaet er høgaktuelt for både NATO og EU, som nyleg vedtok eit samarbeid og oppretta eit europeisk kompetansesenter (European Centre of Excellence for Countering Hybrid Threats), som også er samarbeidspartnar i prosjektet. Forskingsgruppa består av fagpersonar frå Danmark, Frankrike, Finland, Nederland, Noreg, Ukraina og USA. Forskinga skal fokusere spesielt på sivilbefolkninga og utfordre tradisjonelle forståingar av sivilbefolkninga som passive aktørar i krigs- og konfliktsituasjonar.

– Prosjektet rettar blikket særleg mot folk si evne til omstilling og motstandsevne i situasjonar med hybrid krigføring, i tillegg til fokuset på korleis såkalla ”hybridkriser” i Europa kan hindrast, forklarar Hoogensen Gjørv.

Gunhild Hoogensen Gjørv skal lede det internasjonale forskningsprosjektet.
Gunhild Hoogensen Gjørv skal leie det internasjonale forskingsprosjektet. Foto: Stig Brøndbo

Hoogensen Gjørv nemner konflikten mellom Russland og Ukraina i 2014 med utgangspunkt i Krim som eitt søme på hybrid krigføring. Eit anna er korleis IS har brukt informasjon og sosiale medium for å hente støtte og påverke konfliktlinjer som at eksisterer, mellom anna i Frankrike.

– Hybrid krigføring kan gjennomførast av både statar og av ikkje-statlege aktørar. Fellesuttrykk er at ein brukar ulike verktøy som kan vere militære, sivile, politiske og økonomiske og brukar dei opp mot eit samfunn og infrastrukturen og prøver å påverke ulike element i det samfunnet, seier Hoogensen Gjørv. 

Skjuler sine spor

Målet er å gjere det samfunnet som er målet så ustabilt at det blir enklare å til dømes erobre et område.

– IS har brukt slike verkemiddel for å gjere samfunnet meir ustabilt og dermed skaffe seg makt og tilhengarar. Russland fekk en del av Krim og sørga for nok støtte til å behalde området. Det ein held på med blir meir skjult, og det er vanskeleg å finne spor etter det, forklarar Hoogensen Gjørv.

Og det er nettopp slike spor forskingsprosjektet skal prøve å finne.

– Vi skal sjå på tidlegare militære konfliktar som den vestlege verda har vore engasjert i, i Afghanistan, Mali og Syria, og prøve å svare på kva vi har lært om dei ulike aktørane. Korleis har dei brukt midlar som informasjon og politisk aktivitet? spør Hoogensen Gjørv.

Les også: UiT-forsking sentral i Afghanistanrapporten

Ved å forske på ulike scenario og ta i bruk lærdom frå tidlegare og pågåande NATO-leia sivil-militære operasjonar i desse statane, skal prosjektet bidra til større forståing av korleis potensielle truslar som oppstår ved hybrid krigføring kan førebyggjast og gi auka kunnskap om forhold mellom sivile og militært personell i konfliktar.

Noreg er utsett

– Vi skal også designe nokre nye scenarioa for hybridkrig. Kva kan skje i Noreg, Hellas, Frankrike og Ukraina? tilføyer Hoogensen Gjørv.

Prosjektet, som har planlagt oppstart i 2018, identifiserer Noreg som eit av fire land som relevante casestudier for hybrid krigføring. Trass i at Noreg vert beskrive som eit land prega av relativt sterke tillitsforhold mellom institusjonar, vert landet sett på som mottakeleg for både russiske cyberåtak og angrep utført av ikkje-statlege aktørar som terrorgruppa IS. I løpet av dei tre åra prosjektet skal vara, skal det undersøkast korleis Noreg handterer situasjonar som kan føre til kaos eller konflikt, i tillegg tilat forskarane skal sjå på korleis den norske sivilbefolkninga kan bidra til å auke eller dempe risikoen for at konfliktsituasjonar oppstår.

– Prosjektet skal sjå på liknande forhold i landa Hellas, Frankrike og Ukraina, som til liks med Noreg vert identifiserte som land som har vore eller kan vere utsatt for hybrid krigføring, seier Hoogensen Gjørv.

Gjert Lage Dyndal er nestsjef i en strategisk tenketank for NATOs ledelse i Brussel.
Gjert Lage Dyndal er nestsjef i en strategisk tenketank for NATO-leiinga i Brussel. Foto: Forsvaret

Gjert Lage Dyndal er nestsjef for ein strategisk tenketank, eit såkalla foresight team, for NATO-leiinga i Brussel. Han meiner dei store teknologiske endringane som skjer gjer dette forskingsprosjektet svært relevant.

– Det er berre ti år sidan vi fikk smarttelefonen som endra levevanane til folk. Vi veit ikke kva som vil dominere oss om ti år. Kva skjer til dømes med big data, kunstig intelligens og maskinlæring? spør han. 

Gir konkrete råd

Ifølgje Dyndal reknar NATO forskningsprosjektet som svært interessant nettopp på grunn av den menneskelege dimensjonen.

– NATO har tradisjonelt gitt meir støtte til forsking på statar og teknologi enn til det som har med menneskelege faktorar å gjere. Men dette prosjektet skil seg ut på grunn av koplingane til EU og hybridsenteret. Denne typen krigføring er utfordrande for NATO og andre, og er noko vi har stort fokus på, seier Dyndal.

Det treårige prosjektet skal avsluttast med utforminga av ei handbok med anbefalingar baserte på forskingsresultata, og det skal også produsere eige kursmateriale til bruk i treninga av NATO-personell. Ei treningsøving ved NATO-hovudkvarteret og i EU som omfattar teknikkar utnytta i hybrid krigføring skal også gjennomførast. Prosjektet skal årleg presentere forskingsresultat til International Studies Association fram til 2021.

– Vi skal altså både forske på kva som har skjedd, kva som kan skje og gi råd til korleis ein kan trene aktørar for å oppdage og hindre hybridtruslar, seier Hoogensen Gjørv.  

– Det er sjølvsagt positivt at det kjem konkrete tilrådingar. Men vel så viktig er det at vi fører NATO, EU, forskingsmiljøa og partnarland som Ukraina samen gjennom dette forskingsprosjektet. Det er ein overordna intensjon, seier Dyndal.

Aarskog, Karine Nigar
Published: 02.02.18 00:00 Updated: 07.02.18 17:45