Vann pris – for jakta på grunnsteinane i språket

Terje Lohndal vart professor allereie som 27-åring. I dag er han 32 år, og 1. mars mottek han Forskingsrådet sin pris for unge framifrå forskarar.
Wangen, Henriette Leine
Published: 16.02.18 16:20 Updated: 16.02.18 16:44

Den unge forskaren, som er professor II ved UiT Noregs arktiske universitet og professor i engelsk lingvistikk ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), mottek utmerkinga for studiane sine om mekanismar som styrer språkevna til mennesket.

– Det er ein utruleg flott heider av arbeidet eg og gruppa har gjort, men òg av språkvitskapen som fagfelt, fortel Lohndal, som opphavleg kjem frå Lyngdal i Vest-Agder.

Prisen, som er på 500.000 norske kroner, skal han nytte til vidare forsking.

Terje Lohndal Foto: Terje Trobe, Trondheim/NTNU Communication Div

Fleirspråklegheit og evne til å lære språk  

Forskingsgruppa, AcqVA: Acquisition, Variation & Attrition (AcqVA), som Lohndal er med i, er eit samarbeid mellom NTNU og UiT. AcqVA sin visjon er å bidra med banebrytande data og nye teoriar. Målet er å auke forståinga for korleis mental grammatikk kan variere, korleis evna til å lære språk utviklar seg hos barn og vaksne, og korleis språk kan endre seg ved bruk.

– Vi ønskjer heile tida å forstå meir av korleis språket er organisert hos oss menneske. Framover ønskjer eg å sjå endå meir på fleirspråklegheit og evne til å lære språk. Det er mykje vi framleis ikkje veit, seier prisvinnaren.

Saman med professor Marit Westergaard ved Institutt for språk og kultur ved UiT leiar han AcqVa.

Brennande engasjement

Primært forskar Lohndal på norsk og engelsk grammatikk, men han har òg jobba med ei rekkje andre språk. Mykje av forskinga handlar om å forstå korleis grammatikken vi alle har i hovuda våre, er bygd opp. Studiane byggjer på data frå menneske som meistrar fleire språk.

– Eg har stilt meg sjølv spørsmål som; korleis sjonglerer desse individa ulike språk, korleis lærer dei seg fleire språk, og korleis endrar språka seg over tid?

Sjølv om språkforskaren har nådd svært langt til trass for sin unge alder, har han ikkje arbeidd aktivt mot å verte forskar som 27-åring.

– Det var berre noko som skjedde på vegen. Eg har eit brennande engasjement for faget og for å forstå kva menneskeleg språk er for noko og korleis det er skrudd saman. Den interessa har gjort at jobben i like stor grad har vorte hobby som jobb, fortel Lohndal, som starta doktorgradsprogrammet sitt ved University of Maryland hausten 2008.

Produktiv

Allereie som 32-åring har han produsert fem bøker, publisert 25 artiklar og 17 bokkapittel i prestisjetunge vitskaplege tidsskrift og bøker.

Korleis arbeider du for å klare å produsere så jamt?

– Eg trur det er relativt lett når ein er så engasjert og interessert i det ein held på med. Eg samarbeider òg mye med kollegaer og ph.d.-studentar, og det gjer det veldig interessant og gjevande å skrive om resultata vi kjem fram til.

Han legg likevel ikkje skjul på at dette også har kravd svært mye arbeid, og at det ikkje alltid er like motiverande.

Nyttig forsking

I eit større perspektiv meiner Lohndal forståinga av oppbygginga av språket kan seie noko om korleis det er å vere menneske – sidan språket er eit av dei sentrale trekka som skil oss frå dyr generelt.

– Veldig mange menneske i verda er fleirspråklege, og difor er det viktig å forstå kva som skjer med språket deira og ha teoriar som kan gjere reie for mønstera vi ser.

Lohndal meiner slik kunnskap også kan ha meir nyttige sider.

– Det kan bidra til betre opplæring i andre- og tredjespråk, det kan bidra til betre forståing av språkskadar, til dømes etter hjerneslag, hos fleirspråklege individ. I tillegg til å bidra til å lage betre automatiske talegjenkjenningsystemar, føyer han til.

Det er ikkje første gong Lohndal vinn ein pris. I 2014 vann han Nils Klim-prisen, som vert tildelt yngre nordiske forskarar under 35 år innanfor Holbergprisen sitt fagfelt.

Les meir: Forskningsrådet hedrer tre store forskertalenter

Wangen, Henriette Leine
Published: 16.02.18 16:20 Updated: 16.02.18 16:44