Programmet for Laurdagsuniversitetet er klart

Korleis handla trygt på Finn? Fanst det ”gamledagar” i steinalderen? Og kva er rettvis fordeling av fiskeressursane? Dette er noko av det du får vite meir om på Laurdagsuniversitetet denne hausten.
Solhaug, Randi Merete
Published: 07.09.18 00:00 Updated: 10.09.18 13:30

I vår trakk Laurdagsuniversitetet eit stort publikum, og UiT vonar at programmet denne hausten òg fell i smak. Foto: David Jensen

15. september er det sesongstart for UiT sitt populære arrangement, Laurdagsuniversitetet. Denne hausten kan alle som vil få med seg 11 opne, populærvitskapelege foredrag – mens dei nyt ein gratis kopp kaffi.

Sjå hele programmet for hausten 2018 her.

Om solenergi på første foredrag

Tema i haust er framleis «Drivkraft i nord», noko som speglar universitetet sin overordna strategi. Difor er òg programmet mangfaldig og tek for seg mange ulike emne, som kongekrabbeinvasjon, Big Data og kreftrisiko ved vektendring.

Det heile startar med eit foredrag om ”Solenergi på bygningar og i byar”, held av postdoktor på Institutt for fysikk og teknologi, Clara Good. Ho skal fortelje korleis solenergi fungerer, om ein kan ha nytte av det i Nord-Noreg, og kva ein sjølv kan gjere for å ta det i bruk på hytta og i bustaden sin.

Sjå Laudagsuniversitetet si nettside for meir informasjon om foredraga.

Populært arrangement

Laurdagsuniversitetet har i fleire år vore eit av dei mest populære arrangementa ved UiT, noko som viser at det er stor interesse for UiT-forsking hjå folk i landsdelen.

– I vår var det i snitt over 100 personar som kom på foredraga, og det synest vi er veldig bra, fortel Camilla Martinsen Torneus, rådgjevar på Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Laurdagsuniversitetet i Tromsø går føre seg alle laurdagar frå klokka 13–14 til og med første desember. Som i vår er dei fleste foredraga denne hausten òg på KulturHuset i Tromsø, med unnatak for to på Hålogaland Teater og eitt på Studenthuset Driv.

På grunn av UiT sitt 50-årsjubileum vert det òg arrangert Laurdagsuniversitet på fleire av dei andre studiestadane. 

 

Ta gjerne kontakt med arrangementsansvarlig Camilla Martinsen Torneus for ytterligere informasjon, eller for kontaktinfo til forskere. 

Telefon 77 64 55 84, eller mail: camilla.martinsen@uit.no

Solhaug, Randi Merete
Published: 07.09.18 00:00 Updated: 10.09.18 13:30