Velkomen på byfest!

Laurdag 29. september er det UiT som skal prega Tromsø sentrum, frå Polarmuseet i nord til Hålogaland Teater i sør!

Henriksen, Lise Lotte
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Lise Lotte Henriksen
Published: 25.09.18 12:00 Updated: 04.01.19 10:31

 

Kva er vel betre enn ein næringsrik frukost som start på Jubel i Tromsø, UiT sin byfest? Kom på jubileumfrukost på Polarmuseet klokka 10:45–11:45. Foto: Helge A. Wold

Vi inviterer folkesetnaden i Tromsø til byfest. Her vert det mange arrangement og aktivitetar for alle, uansett alder og smak. Vi startar dagen med polar jubileumfrukost på Polarmuseet og held det gåande til dei seine timane.

– Vi ynskjer å gjera avstanden mellom UiT og sentrum mindre, å presentera oss for folket i byen og at dei skal bli betre kjend med oss. Det gjer vi med heile 20 (!) arrangement i sentrum på laurdag, seier prosjektleier for Jubel i Tromsø, Nora Kiil.

Program med breidde 

Laudag er det utstillingsopning på "Fokus UiT", ei utstilling med bilete som er tekne av tilsette ved universitetet. Dette bildete viser eit forstørra pollen. Foto: Randi Olsen

Så kva med å bruka laurdagen til retthistorisk byvandring frå Skansen til Strandgata? Leik og aktivitetar på Strandtorget? Kanskje vil du stoppe og sjå på "speakers corner" i Kyrkjeparken?

Er du meir interessert i kunst og kultur byr vi på mange ulike utstillingar, mellom anna «Fokus UiT» på Galleri Nord og «Trodde du?» på Nerstranda. Seinare på kvelden spelar Hålogaland Teater «Sykle i snøstorm», medan du på Prelaten kan få med deg konserten «Tromsø 1968 – viser og rock frå byrjinga til Universitetet».

Sjå heile programmet til byfesten her!

– Kva gleder du deg mest til på laurdag?

– Det er så stor breidd på arrangementa at her skal nok alle finna noko dei likar. Eg gleder meg til å finna ut meir om slura. Og så er det jo forskarmaraton og fleire "stands" på Stortorget, fin musikk og mange interessante utstillingar. Nei, eg klarer ikkje å velja – eg gleder meg til alt, seier Kiil.

Handlar om å venda blikket framover

Det store høgdepunktet om kvelden er likevel den nasjonale finalen av Forskar Grand Prix på Studentsamfunnet Driv. Då gjer UiT klår konfettikanonen, pussar finskoene og byr på ein forrykande kveld.

For sjølv om vi no jubilerer og feirar 50 år, så skal det koma nye 50 år.

– Ein ting er å feira historien til UiT, men dette handlar vel så mykje om å venda blikket framover. På Jubel i Tromsø ser vi på fortid, notid og framtid, seier Kiil.

Sjå fullt program for dagen her.

Alle arrangementa er gratis, men skal du få med deg Forskar Grand Prix må du hugse å melda deg på her.

Bli med å feire UiT på laudag!

Henriksen, Lise Lotte
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Lise Lotte Henriksen
Published: 25.09.18 12:00 Updated: 04.01.19 10:31