”The Infidels” fekk Arbeidsmiljøprisen 2018

Husbandet ”The Infidels” ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi (AHR) fekk den gjæve prisen på Arbeidsmiljødagen ved UiT i Tromsø.

Solhaug, Randi Merete
Published: 23.11.18 12:18 Updated: 11.01.19 13:45

"The Infidels" består av Isak Måseide (med blomar), Espen Dahl, Theodor S. Rolfsen, Sigrun Høgetveit Berg, Inga Bårdsen Tøllefsen, Ian Grohse, Hans Petter Blankholm, Magnus Andersson og Stian Bones. Dei to sistnemnde var ikkje tilstades då prisen vart delt ut. Prisen vart overrekt av prorektor og leiar for juryen, Wenche Jakobsen. Foto: Randi Solhaug

Det var ein glad gjeng som kunne ta imot prisen. Bandet er ein svært god miks av instituttet dei høyrer heime i: Her er både historikarar, religionsforskarar, teologar, arkeologar og ein administrativt tilsett.

– Vi er ein gjeng ved instituttet som fann ut at vi hadde lyst å gjera noko meir saman enn berre å drikka kaffi i pausane. Og når det viser at seg fleire her spelte ulike instrument og kunne synga – ja, då må ein jo berre gjera noko med det, fortel Isak Måseide på vegne av bandet. Av dei andre vert han peikt ut som frontfigur og primus motor i "*The Infidels".

Neste oppgåve for bandet er å opptre på julebordet til instituttet, men allereie har det kome oppfordringar om at dei må opptre for fleire ved UiT. Akkurat der er dei likevel litt i *tenkeboksen – men dei avviser det heller ikkje.

Bandet kom i gang i fjor, då til ein samankomst til ære for professor emeritus i historie, Lars Ivar Hansen.

– Då kalla vi oss ”The Lars Ivar Hansens”. Vi spelar mest rytmisk festmusikk, med litt jazz innimellom – men det vert lite klinelåtar, ler Sigrun Høgetveit Berg.

– Brei samansetjing og kreativt arbeid

Isak Måseide tek imot prisen på vegne av bandet av juryleiar Wenche Jakobsen. Foto: Randi Solhaug

Grunngjevinga for at ”The Infidels” fekk prisen er slik:

”Arbeidsmiljøprisen 2018 vert tildelt husbandet “The Infidels” ved Institutt arkeologi, historie og religionsvitskap og teologi for kreativt og nyskapande arbeid for godt arbeidsmiljø. Samansetjing av både forslagsstillarne og  medlemmane i bandet er brei og representerer alle fagmiljøa på instituttet. Instituttet er eit resultat av fusjon mellom fagmiljø frå dei tidlegare Institutt for arkeologi og sosialantropologi og Institutt for historie og religionsvitskap. Å fusjonera fagmiljø er krevjande. Husbandet med medlemmar på tvers av både fagmiljø og stillingskategoriar har ein samlande og sosial funksjon. Bandet representerer eit kreativt verkemiddel for å byggja ned faglege og kulturelle barrierar og bidreg til å styrkja verdigrunnlaget som strategiplanen ved UiT slår fast at skal prega tilhøvet mellom dei tilsette.”

Vinneran får eit diplom og ein premie på kroner 50.000,- som skal gå til tiltak i tråd med føremålet til prisen.

Her kan du lesa meir om Arbeidsmiljøprisen ved UiT. 

Rekordmange nominasjonar i år

Det var 14 nominasjonar til prisen i år, noko som er ny rekord. To nominasjonar vart likevel ikkje teken til følgje fordi dei var nominert av einskilde personar og ikkje av miljø, som det står i statuttane til prisen. To andre fekk dessutan to nominasjonar.

Dermed stod ein igjen med 10 nominerte i år:

  • Anna O. Johansen, seksjon for reinhald ved farmasibygget, Bygg- og eiendomsavdelinga (BEA)
  • Heile fakultetsadministrasjonen og leiinga ved NT-fakultetet
  • Studieleiar Ellen Karoline Dahl, HSL-fakultetet
  • Instituttleiar Eystein Dahl, HSL-fakultetet
  • Husbandet «The Infidels», Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi (AHR) ved HSL-fakultetet
  • Laina Dalsbø og Karin Strand Johannessen, forskingsteknikarar ved Institutt for arktisk og marin biologi (AMB), ved BFE-fakultetet
  • Sommarkonferansen ved Handelshøgskolen og dei tilsette, BFE-fakultetet
  • Universitetslektor Jill-Tove Indrevik, Helsefak
  • Dr. Elizabeth G. Arag Fredheim, Helsefak
  • Trond Nylund, assisterande fakultetsdirektør, Helsefak

– Det kom svært mange nominasjonar i år, og det er veldig gledeleg. Det har vore både rørande og fint å lesa dei, for arbeidsmiljøprisen er jo eit heiderstekn på godt medarbeiarskap. Ein annan fantastisk ting med nominasjonane, er breidda i dei. Det er leiarar, det er vitskapleg tilsette og det er administrativt tilsette, fortel Nina Emaus i Arbeidsmiljøutvalet (AMU).

Godt arbeidsmiljø står òg nemnt i den overordna strategien til UiT, «Drivkraft i nord».

– Fordi folk som har det bra på jobben yter betydeleg betre enn andre. Vi har difor alle eit stort ansvar for å passa på arbeidsmiljøet i form av å vera ein god medarbeiar for kollegaene våre, påpekar personalsjef ved UiT, Elisabeth Utheim.

 

Solhaug, Randi Merete
Published: 23.11.18 12:18 Updated: 11.01.19 13:45