UiT sin logo er revidert

Den reviderte logoen tek omsyn til heile namnet til universitetet.

Solhaug, Randi Merete
Published: 06.12.18 11:31 Updated: 13.12.18 09:58

Universitetet i Tromsø - Noregs arktiske universitet fekk sitt noverande namn i 2013, etter at universitetet vart fusjonert med Høgskulen i Finnmark. Ein heldt likevel fram med same logo, og i den står det berre Universitetet i Tromsø.  

For å få inn resten av namnet (Noregs arktiske universitet), vart det vedteke ein todeling, der ein både skulle bruke logoen og eit namnetrekk. (sjå bilete under)

UiT sin gamle logo og namnetrekk Foto: UiT
Ny grafisk profil

Løysinga har likevel vorte for krevjande å bruke, og difor er logoen revidert slik at det står "UiT Norges arktiske universitet" i den. Seglet, Hugin og Munin, vert revidert slik at det kan takast i bruk på digitale flater. (sjå bilete under)

UiT sin reviderte logo. UiT tek han i bruk fyrste kvartal neste år. Foto: UiT

Den nye logoen vil bli implementert 1. januar 2019 på flater kor noverande logo i dag står aleine. Den vil òg koma i staden for samarbeidslogoen frå same dato. 

Grafisk sørvissenter vil prioritere arbeidet med å gjere ferdig ny grafisk profil og profilhandbok, kor òg malar for bruk på ulike flater kjem fram. Ein revidert grafisk profil vil vere gjort ferdig i løpet av 1. kvartal. 

Unngår todeling av namnet

Det er fleire fordelar med denne endringa:

  • Ein unngår todeling av namnet
  • Ein held fast på same logosymbolet
  • Det blir lettare å lesa
  • Det er ei effektiv løysing som vil bli fasa inn når manualen er ferdig

Det betyr òg at ein ikkje lenger berre skal nytte Universitetet i Tromsø i omtale av institusjonen. I omtale skal ein enten nytte kortforma UiT eller skriva UiT Noregs arktiske universitet.

– Eg er begeistra for ramnane i den tradisjonelle UiT-logoen og eg er glad for at ramnane kan kombinerast med det rette namnet på universitetet vårt. Håpet er at vi skal vere lett å kjenna att, samstundes som namnet skal vere eintydig og rett i alle situasjonar, seier rektor Anne Husebekk.

Om universitetet sin logo:

UiT sin logo vart utforma av Ulf Dreyer i 1984. Symbolet førestiller Odin sine to ramnar Hugin (hug, tanke) og Munin (minne). Odins ramnar flaug kvar dag over heile verda og samla inn kunnskap. Om kvelden satt dei på Odin sine skuldrer og kviskra han i øyret kva dei hadde sett.


Spørsmål om implementering kan rettast til: lars.nordmo@uit.no

 

Solhaug, Randi Merete
Published: 06.12.18 11:31 Updated: 13.12.18 09:58