Kenneth Ruud er ny nestleiar i Forskingsrådet sitt styre

UiTs prorektor for forsking og utdanning, Kenneth Ruud, har blitt nestleiar i styret til Noregs forskingsråd.

Solhaug, Randi Merete
Published: 20.12.18 13:32 Updated: 20.12.18 16:31
Tromsø

Vedtaket vart gjort kjend i statsrådet fredag 14. desember.

– Eg er særs takknemleg for den tilliten eg har vorte vist ved å få dette vervet i det som er ein av Noregs viktigaste institusjonar for forsking og innovasjon, og eg ser fram til å bidra i arbeidet med å styrka Noregs internasjonale posisjon på desse områda, seier Kenneth Ruud.

Forskingsrådet har den siste tida gått igjennom ei betydeleg omstrukturering, og Ruud seier han gler seg til å bidra til implementering av den nye styringsstrukturen. Han peikar på at det er viktige prosessar som no er i gang både nasjonalt og internasjonalt, ikkje minst innføringa av den reviderte langtidsplanen, Horizon Europe, open vitskap og tydinga av forsking og innovasjon for å nå FN sine berekraftmål.

Kenneth Ruud har blitt nestleiar i styret til Noregs forskingsråd. 

– Forskingsrådet spelar ei sentral rolle i alle desse prosessane, og det vert ei spennande oppgåve å kunna bidra til desse prosessane òg gjennom styret i Noregs forskingsråd. Dessutan gler eg meg til å jobba saman med styreleiar Hilde Tonne og resten av styret i å medverke til at Forskingsrådet kan løysa dei ulike oppgåvene sine på ein best mogleg måte, seier Ruud, som håpar at han kan fungere som eit bindeledd mellom forskingsrådet og UH-sektoren gjennom rolla si som leiar av UHR-Forsking.

Kenneth Ruud har tidlegare vore medlem av divisjonsstyret for vitskap i Noregs forskingsråd. Han er professor i kjemi og har også vore president i Norsk Kjemisk Selskap.

Les meir om Kenneth Ruud.

Sjå òg:

Kenneth Ruud tala om arktisk forsking på internasjonal konferanse

Solhaug, Randi Merete
Published: 20.12.18 13:32 Updated: 20.12.18 16:31
Tromsø