Nok eit rekordår for UiT

3,6 millionar las i 2018 artiklar av UiT-tilsette i Store norske leksikon. Det er ei auking på over éin million frå året før.

Published: 03.01.19 15:45 Updated: 29.01.21 09:50
Society Tromsø Alta Hammerfest Kirkenes Harstad Narvik Bardufoss Svalbard Bodø Mo i Rana

UiT med ny rekord i Store norske leksikon Foto: illustrasjonsfoto

I 2017 satt artiklane UiT-tilsette har ansvar for, ein alle tiders rekord i Store norske leksikon (SNL) si historie. Då kunne UiT smykke seg med artiklar som blei last 2,5 millionar gonger. Men det stoppar ikkje der, i 2018 blei det eit megahopp, og artiklane ble last heile 3,6 millionar gonger. Det er ei auking på 47 prosent frå året før.

– Svært oppmuntrande

Høsten 2017 var Store norske leksikons redaksjon på besøk ved UiT for å rekruttere og skolere fagansvarlige. Foto: Store norske leksikon

Mellom dei 42 tilsette på UiT som bidreg med å holde innhaldet i leksikonet relevant, oppdatert og godt skreve, finn vi Espen Sirnes. Han er fyrsteamanuensis i finans, og fagansvarleg for Børs og finans i SNL.

– Eg bidreg fordi eg ser på det som ein viktig del av vårt formidlingsoppdrag som akademikarar, og fordi eg meiner eg har ein kompetanse som er nyttig for SNL. Medan kronikkar og intervjuar ofte er noko meir omtrentleg i stilen, så er poenget med eit leksikon å få fram konkret kunnskap og fakta, seier Sirnes, og legg til at han synes de høge lesartalane er svært oppmuntrande.

Sjølv har han 99 artiklar i leksikonet som ble last 33 000 gonger føre år. Dei mest populære begrepa hans var «diskontere», «børs» og «retta emisjon».

Anbefal fleire å bidra

UiT sine 42 fagansvarlege og fagmedarbeidarar har ansvar for 63 fagområdet og heile 4678 artiklar. Sjølv om desse artiklane «berre» er tre prosent av leksikonet sitt innhald, står dei for seks prosent av alle sidevisningane.

Dei tre fagansvarlege med flest lesarar Frode Svartdal, Mathea Sagdahl og Åshild Odden Miland. Desse har dessutan 1 106 205 sidevisingar til saman. 

Allereie bidreg 769 forskarar og ekspertar som fagansvarlege og fagmedarbeidarar i SNL, og Espen Sirnes anbefaler fleire av kollegaene sine ved universitetet til å bidreg med kompetansen sin.

– Eg meiner SNL er eit viktig prosjekt for norske utdanningsinstitusjonar som dei faglege tilsette bør prioritere, seier han.

Topp 15 frå UiT

Published: 03.01.19 15:45 Updated: 29.01.21 09:50
Society Tromsø Alta Hammerfest Kirkenes Harstad Narvik Bardufoss Svalbard Bodø Mo i Rana