Ny lærarspesialistutdanning på UiT
Den prestisjefulle vidareutdanninga til lærarspesialist i matematikk kan sjåast på som eit løft for landsdelen.
I desember vann Institutt for lærarutdanning og pedagogikk (ILP) ein anbodskonkurranse hos Utdanningsdirektoratet for å tilby lærarspesialistutdanning i matematikk for 1-10. trinn. Dette er ei av dei to fyrste lærarspesialistvidareutdanningane i Nord-Noreg, den andre ligg i Bodø.
Vil heve kompetansen
Den toårige vidareutdanninga skal bidra til eit kompetanseløft blant lærarar. Langseth understrekar at ho ikkje er oppretta for å dekkje eksisterande krav til lærarar.
– Utdanninga kan gje lærarar ny motivasjon og ein ny karriereveg i skulen. Dette vil heve kompetansen til matematikklærarar i nord, seier han.
Vidareutdanninga har 35 plassar, du kan søkje opptak til lærarspesialistutdanninga frå 1. februar. Søknadsfristen er 1. mars. Søknad sendast via Utdanningsdirektoratet sine nettsider.
Her kan du sjå lista over etter- og vidareutdanningar for lærarar.