Oppgraderer campus i Narvik for 260 millionar kroner


– UiT i Narvik skal vera ein attraktiv studiestad for studentane våre. Tiltaka som no blir sette i verk, vil sikra dei tilgang til eit moderne campus rigga for framtida, seier rektor Anne Husebekk ved UiT Noregs arktiske universitet, etter at regjeringa no har sagt ja til at campus i Narvik skal oppgraderast for 260 millionar kroner.

Glassgata er blant områda som vil bli oppgradert i samband med det planlagde oppussingsprosjektet ved UiT i Narvik. (Illustrasjon: Ratio arktiekter)

Betre utnytting av arealer og fokus på innovative og framtidsretta omgivnader for undervising, er stikkord for det omfattande prosjektet med ombygging som no blir dratt i gang ved UiT i Narvik.

– Skal gå føre

– For eit universitet som har som ambisjon å vera leiande internasjonalt på kunnskapsområde som energi og klima, er det viktig å gå føre òg internt, til dømes ved å bygge om og å oppgradera bygningsmassen, seier Anne Husebekk.

Det gjenspeglar seg ikkje minst i arbeidet som no skal gjennomførast i Narvik; Målet er å redusere klimagassutsleppa frå campus med 25 prosent samanlikna mot dagens nivå. I tillegg skal ein kutte energibruken med 750 000 kWh per år målt mot dagens forbruk på 5 800 000 kWh. Det skjer gjennom at såkalla passivhusstandard blir lagt til grunn for delar av fasadar og for tak som skal byggast om.

– Rusta for framtida

– Prosjektet vil òg innebere eit omfattande løft for undervisings- og fellesareal på campus, noko som vil komma både studentar og tilsette til gode. Lokala vil vere godt rusta for framtidsretta studieformar, seier Husebekk.

Rektor Anne Husebekk ved UiT Noregs arktiske universitet, er strålande nøgd med at oppgraderingsprosjektet kjem i gang ved UiT i Narvik. (Foto: Lars Åke Andersen)

At UiT planlegg for framtida i Narvik kjem òg fram av finansieringa av prosjektet der universitetet bidreg med eit kontanttilskot på om lag 40 millionar kroner.

– Prosjektet vil bidra til gode vilkår for styrka og framtidsretta aktivitetar for UiT i Narvik, seier Husebekk.

Viktig miljøfokus

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V), meiner prosjektet er eit viktig løft for UiT i Narvik.


– Prosjektet vil komma både tilsette, studentar og miljøet til gode. Ombygginga har eit miljøfokus som er viktig for universitet- og høgskulesektoren, som har ein stor andel eldre bygningsmasse, påpeikar Nybø, som meiner sektoren må vera i front når det gjeld å redusera utslepp av klimagassar:

Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister. (Foto: Marte Garmann)

- Universitet og høgskular har eit særleg ansvar for å læra kommande generasjonar at bærekraft er viktig uansett kva for eit studium og jobb du vel. Tiltaka er òg viktige for å nå Noreg sine klimaforpliktingar.

Fakta om prosjektet

Prosjektet har ei styringsramme på 260 millionar kroner og ei kostnadsramme på 309,5 millionar kroner. Styringsramma vil bli finansiert på følgjande måte:

  • 20,4 millionar kroner frå Statsbygg sitt vedlikehaldsbudsjett
  • 39,6 millionar kroner i kontanttilskot frå UiT
  • 200 millionar kroner innanfor kurantordninga (gjev grunnlag for husleige)
  • Årleg husleigebeløp for UiT vil vere 32 millionar kroner, som vil bli dekt innanfor UiT sitt gjeldande budsjettramme. Leigenivået svarer omtrent dagens leige
  • Bygningsmassen ved UiT i Narvik består av to byggetrinn som er oppført i 1969 og 1997
  • Samla areal som av ombygninga gjeld for er 12 965 m2, av dette vel 4 000 m2 fasadeareal og cirka 1 700 m2 takareal
  • Ombygginga skal etter planen vere ferdig til semesterstart hausten 2020
På Twitter   #norgesarktiske