Ny forelesingsrekke om klimakrisa
UiT tilbyr no ein digital forelesingsrekke om klimakrisa med Andrea Tilche. Han var tidlegare ansvarleg i EU-kommisjonen for forsking på klimaendringar og har dei siste åra vore spesialrådgivar for UiT-rektor Anne Husebekk.
– Andrea Tilche har vore tilsett som spesialrådgivar i staben til rektor og direktør ved UiT i eitt og eit halvt år. I løpet av det siste året har han halde seks presentasjonar ved UiT relatert til klimakrisa. Vi ønsker at mange skal få høve til å høyra kva Tilche seier om årsaka til klimakrisa, korleis vi kan forhindra at meir skade skjer og korleis vi skal te oss i høve til dei skadane som allereie har skjedd, seier UiT-rektor Anne Husebekk.
Les òg: European Commission-professor is new adjunct professor at UiT
Presentasjonane er nå tilgjengelege som MOOC (Massive Open Online Course) på UiT sine nettsider.
– Vi håper mange får gleda av å høyra på Tilches presentasjonar. Dei gir ei god forklaring på den klimakrisa vi står oppi og vil gjera at vi alle blir i stand til å ta innover oss klimakrisa og prøva å forhindra at meir skadde skjer. Så eg håper at de ser desse videoane igjen og igjen. Alle har mykje å læra, seier Husebekk.
Sjå Anne si innleiing til forelesingsrekka her: