Får 173 millionar til nye studentbustader

Noregs Arktiske Studentsamskipnad får 43,3 millionar kroner frå Kunnskapsdepartementet for å bygga 120 nye studenthyblar i Dramsvegen i Tromsø.

Eidum, Espen Viklem
Published: 31.03.20 12:30 Updated: 01.04.20 09:14

Noregs arktiske studentsamskipnad får pengar til å bygga 120 nye studenthyblar i Dramsvegen og dessutan 180 hyblar i Longyearbyen. Foto: Noregs arktiske studentsamskipnad

I tillegg får samskipnaden 130 millionar kroner til 180 nye studenthyblar på Elvesletta i Longyearbyen.

– Ein god og rimeleg stad å bu er ein føresetnad for å kunna studera. For kvar hybel som blir ferdigstilt, så er det minst éin student som får moglegheit til å bu i en studentbustad gjennom studietida si, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Han legg til:

– Dessutan er det positivt med byggeaktivitet i ei tid der koronaviruset legg ein dempar på økonomien.

Det er 17 byggeprosjekter fordelt på sju studentsamskipnader og éin stiftelse som no får pengar. Regjeringa har valt å prioritera nye og lovande byggeprosjekter som kan setjast i verk i løpet av kort tid. Dermed er det 2 000 hybeleiningar som får middel i år.

– Studentsamskipnadene har vore flinke til å planlegga nye byggeprosjekter. Det betyr at det ikkje vil ta altfor lang tid før dei første spadane kan setjast i jorda. Det er ei god nyheit for studentane, seier Asheim.

Eidum, Espen Viklem
Published: 31.03.20 12:30 Updated: 01.04.20 09:14