Desse har søkt prorektorstillingane ved UiT

Ved utløpet av søknadsfristen, 2. mai, hadde til saman fire personar søkt på stillingane som prorektor utdanning og prorektor forsking og utvikling ved UiT. 

Flere campus
UiT skal tilsetje nye prorektorar som skal ha ansvaret for utdanning, forsking og utvikling ved UiT. Photo: UiT
Portrettbilde av Karde, Hanne
Karde, Hanne hanne.karde@uit.no Kommunikasjonssjef
Published: 03.05.21 16:33 Updated: 25.05.21 15:40
About UiT

Begge stillingane rapporterer til rektor og er ein del av rektor sitt leiarteam. Ein av prorektorane vil óg bli utpeka som den faste avløysaren til rektor. 

– Vi har fått fire sterke søkarar til stillingane, og ser fram til den vidare tilsetjingsprosessen, seier Dag Rune Olsen, påtroppande rektor ved UiT.

Desse personane har søkt stillinga som prorektor for forsking og utvikling:

Camilla Brekke (44), professor og prodekan forsking ved Fakultet for naturvitskap og teknologi ved UiT
Anita Evenset (53), avdelingsdirektør, Akvaplan-niva
Jan-Gunnar Winther (58), direktør ved Senter for hav og Arktis

Til stillinga som prorektor for utdanning er det berre éin søkar; Kathrine Tveiterås (40), som i dag er dekan ved Fakultet for biovitenskap, økonomi og fiskeri ved UiT.

Intervjua skal ein gjennomføra i mai, og kven som får tilbod om stillingane blir klart etter at universitetsstyret har handsama saka i styremøtet 14. juni.

Eventuelle spørsmål frå media kan ein retta til Dag Rune Olsen, tlf 930 85 881. 

Karde, Hanne hanne.karde@uit.no Kommunikasjonssjef
Published: 03.05.21 16:33 Updated: 25.05.21 15:40
About UiT