Minneord om Gunnar Anton Stangvik

På vegne av rektoratet ved UiT Noregs arktiske universitet har tidlegare viserektor Sveinung Eikeland skrive denne nekrologen.

Portrett Gunnar Stangvik
«I dag uttrykkjer vi vår medkjensle i sorga til familien, nære vener og dei mange rundt i verda som sette pris på han», skriv Sveinung Eikeland.. Photo: Vidar Kristensen/Altaposten
Portrettbilde av Aarskog, Karine Nigar
Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Published: 26.07.22 19:08 Updated: 26.07.22 19:15
About UiT

Den kjappe og engasjerte Hammerfestguten, busett i Alta siste 35 åra. Den rause akademikaren og første professoren ved det som i dag er UiT Noregs arktiske universitet i Alta. Professoren med det varme hjarta for dei som mest treng ny kunnskap innan pedagogikkfaget. Den globale, reisande og søkjande intellektuelle la 20. juli ut på si siste ferd.

Med Gunnar Anton Stangviks død har universitet mista ein framifrå medarbeidar. Han  var også aktiv tjue år etter vanleg pensjonsalder. Vi har mista ein pioner innan høgre utdanning og forsking  internasjonalt, nasjonalt, i Nord-Noreg, Finnmark og Alta. Han var særleg viktig i arbeidet med å utvikla spesialpedagogikken i ei retning som kunne gjera lett marginaliserte born til fullverdige medlemmer av samfunn og fellesskap.

Han blei professor i Alta i 1989. Dette var fem år før norske høgskolar hadde lov å tilsetja professorar. Staten gav Gunnar Stangvik og Ole Henrik Magga personlege ordningar som gjorde at dei to alt professorkompetente flytta tilbake til Finnmark for å delta i utviklinga av Alta lærarhøgskole og den nyetablerte Samisk høgskole. Stangviks store prosjekt blei å utvikla det spesialpedagogiske fagfeltet, der lanseringa av masterutdanning i faget i 2004 var eit høgdepunkt. Eit fagfelt som er blitt særs viktig både ved universitetet og for kommunane i nord med mange kandidatar ut kvart år og etterkvart eit fagmiljø som har avla god forsking og fleire professorar.

Gunnar vaks opp i Hammerfest frå 1934. Han gløymde aldri klassemotsetjingane i byen som han meinte var kjenneteikna av ein eliteprega overklasse og ei stor befolkning som var utanfor dette gode selskapet. Han vaks ikkje opp i den lokale overklassen, og det gjorde hans akademiske liv til ei klassereise. Før og under studiane arbeidde han i lange periodar som sjømann, anleggsarbeidar, bankfunksjonær og politimann. Hans høgre utdanning starta i 1959 på lærarutdanninga i Tromsø. Meir enn 60 år seinare pregar Stangviks forsking pedagogikk- og spesialundervisningsfeltet i Norge. Vi er glade for at han sidan 1980-talet har hatt sin ståstad ved lærarhøgskolen, høgskolen og universitetet.

Det er også nærliggjande å sjå hans radikale og kritiske forsking i dette lyset. Han var opptatt av at spesialpedagogisk forsking må gje endringar. Ikkje primært medisinske eller behandlande endringar, men breie samfunnsendringar. Han stilte spørsmål rundt inkludering og ekskludering i sosiale fellesskap; kvifor samfunnsinstitusjonar og organisasjonar ikkje lærer; og korleis ein likevel kan finna sprekker i slike og dermed få til endringar. Mi klare oppfatning er at Gunnar knytte eit samfunns sosiale berekraft til evna til å gjera slike grunnleggjande endringar.

Gunnar kom til Alta med svensk dr. grad., frå Gøteborg universitet, mange år på Høgskolen i Lillehammer og frå professorat ved Universitetet i Trondheim. Framfor alt reiste han ut til tallause universitet og med hans veremåte skaffa han lett kontaktar. Her må eg trekkja fram hans mange opphald og besøk i Arkhangelsk gjennomført i periodar av livet når dei fleste av oss tenkjer på å slutta å arbeida. Resultatet blei god kunnskap i russisk og viktige studiar om sovjetisk og russisk behandling av ungar med det samfunnet der oppfatta som særlege behov. Det var gjennom forteljingane frå desse reisene han som akademikar kanskje betydde mest for oss ikkje pedagogar.

Mange har mykje å takka Gunnar Stangvik for. Nesten til det siste var han innom kontoret mitt. Meir og meir kom desse møta til å handla om spesialpedagogikken.  Hans instendige oppfordring var at vi må halda fram med å utvikla samfunnsperspektivet og at det er gjennom å forstå grunnleggjande prosessar i samfunnsinstitusjonar vi kan medverka til eit betre liv for det som blir fleire og fleire.  Eg  saknar desse samtalane. UiT Noregs arktiske universitet skal ta godt vare på arven etter professor Gunnar Anton Stangvik. I dag uttrykkjer vi vår medkjensle i sorga til familien, nære vener og dei mange rundt i verda som sette pris på han.

Aarskog, Karine Nigar karine.n.aarskog@uit.no Seniorrådgiver og faggruppeleder, formidling
Published: 26.07.22 19:08 Updated: 26.07.22 19:15
About UiT