Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Velkomen nye informatikkstudentar!

Det gler oss å kunne ynskje deg velkomen som ny student ved Institutt for informatikk (IFI) hausten 2019.

I haust vil du vera ein av omlag 350 studentar ved IFI, fordelt på studia bachelor, sivilingeniør og 2-årig master i informatikk.

Me er også glade for å kunne tilby moderne studentlokale nede i kjellaren på Realfagsbygget (nyrenovert til hausten 2018). Der finn du studentlaboratoria (IT-lab), masterstudentkontor, grupperom, kjøken samt mingleområde. Dei nyrenoverte lokala legg til rette for at du skal kunne trivast og nytte deg av dei. 

I laupet av studiestartveka vert det lagt til rette for at du skal bli kjent med studiet ditt, dine medstudentar, universitetsområdet og byen Tromsø. Du vil få tilbod om å delta i faddergrupper. Å få ein god sosial start på studietilværet er viktig, og spesielt viktig er det å bli kjent med dine medstudentar. Dei vil du kunne ha mykje nytte av i laupet av studietida.

Sjølv om sosialisering er viktig i starten av studietilveret ditt så er det endå viktigare å ta del i dei faglege aktivitetane som alt startar opp i oppstartsveka. Det er difor avgjerande viktig at du planlegg studiestarten slik at du er med 100 prosent frå første dag. Du bør bruka 45-50 timar i veka med fokusert arbeidsinnsats. Erfaring viser også at det er viktig at studentane er tilstades på dei organiserte aktivitetane (forelesingar, kollokviegrupper) samt at dei saman med sine medstudentar gjennomfører ein betydeleg mengde eigeninnsats.

Som ny student er det mykje nytt å setja seg inn i og på denne sida har me samla relevant informasjon du bør kjenna til før og i dine første dagar som UiT-student. Noko av denne informasjonen vert formidla på felles programmøte for nye bachelor- og sivilingeniørstudentar tysdag 13. august kl 11:00 i Store auditorium på Realfagsbygget.

Sjekkliste i studiestarten
Før du startar å studere hjå oss er det ein del gjeremål du lyt igjennom. Her er dei viktigaste lista.
Timeplanar / Første frammøte
Du må registrere deg til gruppeundervisning for dei ulike emna du skal ta. Her får du hjelp på vegen. 
Kva matematikkemne bør du velje?
Bachelorstudentane må velje mellom MAT-0001 og MAT-1001 i første semester. Men kva for eit av dei?
IT-tenester for nye studentar
Introduksjonsvideo for nye studentar.
Utdanning frå tidligare?
Dersom du har gjennomført høgare utdanning ved andre lærestadar, kan du søkje om godkjenning / innpassing av denne utdanningen / emne.

Kontakt oss
Det er ikkje alltid lett å vita kven ein kan kontakte dersom ein har studierelaterte spørsmål. Her er ein oversikt.
Nyttige kurs for nye studentar
Kurs i informasjonakompetanse
Kurs i studieteknikk

Behov for individuell tilrettelegging?
Individuell tilrettelegging (studiesituasjon) 
Individuell tilrettelegging ved eksamen 




11 tips til deg som er ny student
Her får du ulike tips om korleis du kan jobbe med ditt studie, om bustad, nye vener etc. 

Ofte stilte spørsmål
Skal du byrja å studere hjå oss, og har noko du lurer på? Her finn du ofte stilte spørsmål, og svar!

Studentweb / Canvas / WISEflow
Studentweb, Canvas og WISEflow er viktige verktøy i ein student sin kvardag. Gjer deg tidleg kjent med verktøya. 
Studieplanar
Bachelor i informatikk
Sivilingeniør informatikk: Studieretning: Datamaskinsystem
Studieretning: Helseteknologi
Val av tillitsvalgt
Er du interessert i å påvirke studiekvaliteten eller være ein kontaktperson for kullet ditt? Då kan tillitsvalgtvervet være av interesse.
Studierådgivnig / Studentrådgivninga
Har du behov for ein uformell samtale om studiesituasjonen din, kan du kontakte studierådgivar.  
Fadderordning UiT (Debut | UKA)
Brev frå faddrane ved NT-fak
Info om Debut | Uka
Mat og drikke / parkering
Kafé Realfagbygget: MAT
Kaféar ved UiT Tromsø
Parkering ved UiT Tromsø
Branntryggleik ved NT-fakultetet
Kva gjer du når brannalarmen går? Her er NT-fak sin evakueringsplan ved brann. 
Kart over campus
Slit du med å finna fram på campusområdet? Då kan karttenesta Mazemap hjelpa deg. 




Alle ikon på nettsida er henta frå colourbox.




Page administrator: Jan Fuglesteg
Last updated: 09.08.2019 11:22

     Program semesterstart

12.08 Offisiell semesterstart ved UiT 11:00
Oppstartsmøte for nye studentar ved NT-fak 12:15
Felles lunsj for nye studentar ved NT-fak 13:10
13.08 Programmøte for nye informatikkstudentar (Store Aud, Realfagsbygget, B302) 11:00
Bachelorstudentar samlast i Store Aud, Realfagsbygget (B302) 12:00
Sivilingeniørstudentar, Datamaskinsystem samlast i Vesle Aud, Realfagsbygget (B203)  12:00
Sivilingeniørstudentar, Helseteknologi samles i Aud 2.017, Teknologibygget.  12:00
Kurs i informasjons-kompetanse - NT-fak 14:15
22.08 Kurs i studieteknikk - NT-fak 16:15
28.08 Informasjons- / studieveilednings-møte for nye informatikkstudentar (Store Aud MH-bygget, U6.A6A) 14:15
28.08 Bli-kjent kveld nye informatikkstudentar (Vitensenteret) 16:00