Studentmållaget i Tromsø og Tromsø mållag ynskjer å setje fokus på språkpolitikken i valkampen 2017. Vi inviterer derfor representantar frå dei politiske partia til ein debatt torsdag 31. august 2017 kl. 20.00 – 22.00 på Tromsø bibliotek." /> Studentmållaget i Tromsø og Tromsø mållag ynskjer å setje fokus på språkpolitikken i valkampen 2017. Vi inviterer derfor representantar frå dei politiske partia til ein debatt torsdag 31. august 2017 kl. 20.00 – 22.00 på Tromsø bibliotek." />

Språkpolitikk inn i valkampen: Debatt

Studentmållaget i Tromsø og Tromsø mållag ynskjer å setje fokus på språkpolitikken i valkampen 2017. Vi inviterer derfor representantar frå dei politiske partia til ein debatt torsdag 31. august 2017 kl. 20.00 – 22.00 på Tromsø bibliotek.

Vi har tenkt å spørje om partia sitt syn på ulike spørsmål innafor språkpolitikk, til dømes

- sidemålsordninga
- språkdelt ungdomsskole
- styrking av samisk og kvensk språk
- språkopplæring for vaksne innvandrarar
- nynorsk i barnehagane og nynorsk i lærarutdanningane
- nynorsk i statsforvaltninga

Styret i Noregs Mållag har utforma fem framlegg til ein offensiv språkpolitikk som de kan sjå her: http://www.nm.no/tekst.cfm?id=4138

I panelet deltek:

Pål Julius Skogholt (SV)
Eirin Kristin Kjær (Ap)
Askild Gjerstad (MDG)
Even Aronsen (V)
Nikolai Berglund Skogan (KrF)
Ragnhild Berg Nilsen (H)
Ida Hov (Frp)

Åsne Høgetveit skal vera debattleiar.

When: 31.08.17 at 20.00–22.00
Where: Tromsø bibliotek og byarkiv
Location / Campus: Tromsø
Target group: All
Link: Klikk her
Phone: 97417145
E-mail: smit@nynorsk.no
Add to calendar