Gjesteforelesning: Kven var vikingkongane våre? Minimalistisk kongesogeskriving ved hjelp av tvo undervurderte kjeldetypar: skaldekvæde og namneskikk

Tromsø middelalderforum inviterer til åpen gjesteforelesning med førsteamanuensis i nordisk Klaus Johan Myrvoll ved Universitetet i Stavanger

Kven var vikingkongane våre? Minimalistisk kongesogeskriving ved hjelp av tvo undervurderte kjeldetypar: skaldekvæde og namneskikk

Halvdan Koht in memoriam

I dette fyredraget vil eg sjå nærare på kva me kann vita – eigenleg – um dei eldste norske kongane, frå Harald Hårfagre til Olav Tryggvason. Eg vil i den samanhengen draga fram tvo undervurderte kjeldetypar: skaldekvæde og namneskikk. Det vert gjerne nemnt av norske historikarar at skaldekvædi er eldre og soleis meir pålitande kjeldor til denne delen av historia, men fåe hev teke konsekvensen av dette og gjort nytte av denne kjeldetypen meir systematisk. Som regel ser ein at det likevel er prosakjeldone, og fremst millom deim Snorre Sturlassons Heimskringla, som gjev «beingrindi» til framstellingi av den eldste historia, og at skaldekvædi vert verande eit supplement (sjå Myrvoll 2014). Når det gjeld namneskikk, er det mest ingen som hev utnytta denne sentrale kjeldetypen – eit heiderlegt undantak er trumsværingen Halvdan Koht (1916, 1921). Men namn kann vera heilt avgjerande for å døma um den genealogiske bakgrunnen åt folk i eldre tid, og namni kann segja noko um kvar kongane kom frå, og kva ætt dei var av.

Eg kjem i fyredraget til å fokusera på tri kongar: Harald Halvdansson («Hårfagre»), Eirik Haraldsson («Blodøks») – og den illgjetne dronningi hans, Gunnhild, – og Olav Tryggvason. Eg vil visa at mykje av det me trudde me visste um desse kongane, ikkje kann vera rett, men at det gjenom kritisk bruk av skaldekvæde og namneskikk opnar seg nye og interessante perspektiv på denne eldste fasen i «rikssamlingi».

 

Litteratur

Koht, Halvdan. 1916. Skandinaviske motenavn i vikingtiden. Historisk tidsskrift 24, s. 417–443. (Prenta upp att i Innhogg og utsyn, 1921, s. 52–75.)

———. 1921. Folkeleg namn-tradisjon fraa vikingtida. Edda 15, s. 129–141. (Prenta upp att i Innhogg og utsyn, 1921, s. 232–246.)

Myrvoll, Klaus Johan. 2014. Bruk og misbruk av skaldekvæde hjå norske historikarar. Historisk tidsskrift 93 (3), s. 383–406.

When: 31.01.20 at 16.15–18.00
Where: SVHUM B-1004
Location / Campus: Tromsø
Target group: Students, Guests, Employees
Contact: Cathinka Dahl Hambro
E-mail: cathinka.d.hambro@uit.no
Add to calendar