HER Den rike samiske historia til Tromsø kommune med sjøsamiske bygder og reindrift er ukjend for mange. Ein del av denne historia omhandlar såre forteljingar om landskap som menneske vart tvangsflytta frå." /> HER Den rike samiske historia til Tromsø kommune med sjøsamiske bygder og reindrift er ukjend for mange. Ein del av denne historia omhandlar såre forteljingar om landskap som menneske vart tvangsflytta frå." />

Vin&Viten: Rávdnjemuotki (Finnheia), tvangsforflytting og samiske kulturminne

EKELTE LEDIGE PLASSER PGA AVBUD. MELD DEG PÅ VENTELISTEN PÅ DEN GRØNNE KNAPP TH.

ARRANGEMENTET VERT OGSÅ STREAMA LIVE (PÅMELDING IKKJE NØDVENDIG). DU KAN SJÅ DET HER

Den rike samiske historia til Tromsø kommune med sjøsamiske bygder og reindrift er ukjend for mange. Ein del av denne historia omhandlar såre forteljingar om landskap som menneske vart tvangsflytta frå.

 

Biletet er teke i  Rávdnjemuotki kring 1921 med skuleteltet i bakgrunnen. Kvinna til høgre er truleg lærarinne på nomadeskulen, Ingerta Blind (sjå Labba og Sveen 2018:27).  Norges Arktiske universitetsmuseum, fotograf ukjend.

Fram til 1920, før tvangsforflyttinga sette sine spor, var Rávdnjemuotki (Finnheia) heim og gjennomflyttingsområde for reindriftssamar med vinterbeite på det som i dag er svensk og finsk side av grensa.

Norges arktiske universitetsmuseum ynskjer å løfta fram forteljingar om dei samiske kulturminna i Rávdnjemuotki, og å formidla kunnskap om nokre av tvangsforflyttinga sine konsekvensar.

Innleiarar på Vin&Viten-kvelden er Elin Anna Labba, Stine Benedicte Sveen, Marja-Kristin Skum og Dikka Storm.

Seniorforskar Dikka Storm deltok i dei fyrste undersøkingane av samiske kulturminne i Rávdnjemuotki i 1982 og har sidan den gong arbeidd for å fremja verdien av dei reindriftssamiske kulturminna i området. Dikka vil i seminaret presentera forteljingar om bruken av området med særleg fokus på reinflytting i eit historisk perspektiv. 

Stine Benedicte Sveen er arkeolog og seniorrådgjevar i kulturminneforvaltinga i Sametinget. Stine har ansvaret for Sametinget sine feltundersøkingar og saksbehandling i forbindelse med Arctic Center-utbygginga på Finnheia og vil gjennom Vin&Viten presentera Samtinget sitt arbeid med kulturminna i Rávdnjemuotki (Finnheia).

Elin Anna Labba er journalist og arbeider i Tjállegoahte samisk forfattar­sentrum. Ho forfattardebuterte i 2020 med sakprosaboka Herrarna satte oss hit: Om tvångsförflyttningarna i Sverige. Elin Anna sine forfedre var blant nokre av dei samane som vart tvangsforflytta frå heimen sin i Rávdnjemuotki. Labba gjev i seminaret ei innsikt i nokre av tvangsforflyttinga sine konsekvensar.

Marja-Kristin Skum er stipendiat ved Samisk Høgskule og sjølv del av ein familie som vart tvangsforflytta i 1926. Marja har intervjua slektningar av dei som vart tvangsforflytta frå sine buplassar i Troms fylke og i frå områda kring Karesuando med fokus på endringar i det samiske språket. Marja har gjeve foredraget sitt tittelen: «”Språket er jo koplinga nordover” – Forteljingar om språkval, språkbevaring og språkbytte blant slektningar av dei som vart tvangsforflytta».

OBS. Forhåndspåmelding nødvendig. Maks 42 plassar. For påmelding bruk grønn knapp til høyre.

Det er mulig å stille seg på venteliste. Pga korona-retningslinjene må vi muligens bytte til et lokale med fastmonterte seter med plass til 50 personer.

Arrangementet vert også streama live, og du kan sjå det her (påmelding ikke nødvendig)

 

Arrangementet er del av Samisk veke i Tromsø.

Med forbehold om endringar på grunn av korona-situasjonen

When: 03.02.21 at 19.00–20.30
Where: Norges arktiske universitetsmuseum
Location / Campus: Tromsø
Target group: Employees, Students, Guests
Responsible:

Registration
Deadline: 03.02.2021
Deadline has been reached. Sorry
Add to calendar