Lansering av kildinsamisk tastatur og e-ordbok

Vi har publisert to e-ordbøker (A. Antonova og E. Scheller: Kildinsamisk-russisk og russisk-kildinsamisk ordbok, kvar av dei på 16000 oppslagsord), ein språkmodell som analyserer kildinsamiske ordformer og genererer bøyingsparadigme for alle lemma i ordboka, og eit kildinsamisk tastatur som gjer det mogleg å kommunisere på m.a. sosiale media på kildinsamisk og bruke ordboka både på telefon og datamaskin.

 

Ordboka er tilgjengeleg på http://sanj.oahpa.no, og tastaturet på https://divvun.org 

 

På lanseringa presenterer vi ordbok og tastatur, og vi byr på mat og drikke.

 

På grunn av koronasituasjonen kan det vere maksimalt 20 personar til stades på Árdna. Vi stenger med andre ord dørene etter dei 20 først oppmøtte. Vi ber dei som kjem om å halde avstand, og dei som har symptom på sjukdom, oppfordrar vi til å halde seg heime. 

When: 30.11.21 at 12.00–13.00
Where: Árdna
Location / Campus: Tromsø
Target group: Students, Guests, Employees
Contact: Elisabeth Scheller
E-mail: elisabeth.scheller@uit.no
Add to calendar