Karoline Jacobsen Kvalvik, Master of Science in Developmental Studies disputerer for PhD.-graden i humaniora og samfunnsvitenskap, fagområde samfunnsplanlegging.
Tittel på avhandling:
"Planlegging og politikk: «Når ikkje alt går etter planen» Dei folkevalde sitt møte med kommunal planstrategi - § 10.1 plan- og bygningslova (pbl., 2008)"
Det vil være mulig å følge disputasen digitalt her.
Prøveforelesningen vil finne sted samme dag kl. 1015
Populærvitenskapelig sammendrag
Målet med denne avhandlinga er å betre forståinga av koplinga mellom planlegging og politikk i norske kommunar. Dette vil eg oppnå gjennom å studere forholdet mellom kommunal planstrategi og lokale folkevalde i praksis. I tillegg håper eg at arbeidet kan bidra til å styrke statusen til samfunnsplanlegging i både norsk lokalpolitikk og i planfeltet.
Gjennom plan- og bygningslova (pbl., 2008) har Noreg lovfesta at kommunane skal planlegge. Politisk leiing, forankring og eigarskap er etter pbl. (2008) grunnreglar i planlegging, og gjeld også for kommunal planstrategi. Planstrategi vart ført inn i lova for å få dei folkevalde til å drøfte kommunen sine strategiske val knytt til samfunnsutvikling, og ut i frå desse vala vurdere og fastsetje planbehovet for valperioden.
Problemstillinga i avhandlinga er: I kva grad har kommunal planstrategi vore med å forankre planlegging i det representative demokratiet i norske kommunar? Eg drøftar kva som kan forklare variasjon i politisk interesse og engasjement for planstrategiarbeidet der eg ser på uavhengige variablar som er knytt til kultur, strukturelle forhold og planstrategiprosessen.
Empirisk bygg avhandlinga i hovudsak på kvalitative casestudiar i fem kommunar av planstrategiprosessar i to valperiodar, 2011–2015 og 2015–2019. Dei fleste kommunar i Noreg har oppfylt lovpålegget om å vedta ein planstrategi, men analysane viser at den politiske interessa for planstrategien er gjennomgåande låg, uavhengig av kultur og kommunestørrelse. Eg finn heller ingen spor av utvikling frå fyrste til andre runde med planstrategiarbeid.
I avhandling viser eg korleis planstrategiprosessane lokalt er lagde opp og korleis planstrategidokumenta er framstilte. I operasjonaliseringa av ulike prosessperspektiv brukar eg ‘pedagogikk i planarbeid’ og ‘kommunikasjon’ for å vise kva rolle dette spelar for deltaking i planstrategiarbeid blant dei folkevalde. Funna mine viser at planstrategien fungerer nettopp som «å bere havre til ein død hest». Politikarane vert ‘fôra’ med ein invitasjon til strategisk drøfting, men få av dei responderer og planstrategien vert ein «død» prosess utan folkevald interesse for langsiktig og strategisk tankegang. Analysen viser også at ‘bør’-krava i planstrategiparagrafen skapar uklare rettslege krav og undergrev dei viktige intensjonane til planstrategi som planreiskap. Eg foreslår difor endringar i § 10-1 for å skape ein meir tydeleg lovparagraf.
Sjølv om kommunal planstrategi har utfordringar med politisk forankring, og dermed ikkje innfrir lovintensjonane, har den vorte eit positivt tilskot i kommunal planlegging grunna ein sterk administrativ eigarskap. Den bør difor fortsetje å vere ein del av norsk lovverk. Skal det folkevalde engasjementet verte styrka er det ut i frå mine funn avgjerande med god kommunikasjon og presentasjon av planstrategien. Gapet mellom administrativ og politisk rasjonalitet må reduserast, samtidig som planstrategien må gjerast forståeleg for dei folkevalde, og dei må sjå nytta av å utarbeide og bruke planstrategien.
Avhandlingen er digitalt tilgjengelig i munin
Veiledere:
Bedømmelseskomité:
Leder av disputasen:
Instituttleder Anne Britt Flemmen, Institutt for samfunnsvitenskap
De som ønsker å opponere ex. auditorio kan sende e-post til leder av disputas, Anne Britt Flemmen (anne.britt.flemmen@uit.no)