Illustrasjonsbilde

High North Academy

High North Academy Norsk flagg

Logo High North AcademyHigh North Academy (HNA) er finansiert av UiT Noregs arktiske universitet, og tilbyr intensive ph.d.-kurs som gir deg omsetteleg kompetanse.  Deltakarane bruker sine eigne forskningsdata og resultat i kurset. Soleis bør ein ikkje sjå på HNA-kurs som ekstra arbeid, men heller som ei moglegheit til å komme i gang, ei hjelp til å fullføre doktorgraden, samt ei førebuing til livet etterpå. Kompetansen som du opparbeider deg, kan overførast til mange delar av livet, og gir CV-en eit løft! 

Kursa blir heldt på UiT sitt campus i Tromsø, og er lagt til rette for ph.d.-kandidatar frå alle fakultet ved UiT, uavhengig av vitskapeleg bakgrunn. Ph.d.-kandidatar utanfor UiT, postdoktorar og andre kan delta dersom det er ledige plassar. Alle kursa går føre seg på engelsk. 

Nokre av kursa er det lurt å ta tidleg i ph.d.-løpet, medan andre er meir nyttige mot slutten. Her er forslag til når du burde delta på kva for kurs: 

Første eller andre år:
GEN-8001 Take control of your PhD Journey 
GEN-8007 How to communicate your research 

Andre eller tredje år:
FSK-8002 Scientific writing 
BED-8004 Academic entrepreneurship 

Tredje eller fjerde år:
FSK-8003 Leadership skills 
FSK-8005 Funding your research 

Deltakarar som ønskjer å opparbeide studiepoeng for HNA-kursa, må ta eksamen og registrere seg på Studentweb (Ph.d.-kandidatar ved UiT) eller sende søknad i Søknadsweb (Ph.d.-kandidatar utanfor UiT). Sjå fristar for registrering/søknad i UiTs kurskatalog

Et nytt kurs i vår portefølje: Data stewardship

Vi anbefaler også ph.d.kandidatar å sjekke andre tverrfaglege kurs, til dømes desse som blir organisert av forskarskular ved BFE-fakultetet:

SVF-8602 Changing Arctic Seminar
BIO-8621 Sustainability science
SVF-8600 Philosophy and Ethics of Science

 

Kontakt HNA

Ved spørsmål kan du ta kontakt med oss på epost hna@uit.no

twitter
chat loading...