autumn 2020
HIS-3024 Utforminga av et nytt Norden 800-1300: Sentralisering, kristning og konflikt - 10 stp

Application deadline

1. juni for emne som blir tilbode i haustsemesteret. 1. desember for emne som blir tilbode i vårsemesteret.

Type of course

Emnet er valfri modul i masterstudiet i historie og lektorutdanninga. Kan takast som enkeltemne på masternivå og som del av masterstudia i til dømes arkeologi, kunsthistorie, religion, teologi og filosofi.

Admission requirements

Bachelorgrad eller tilsvarande med ei fordjuping på minimum 80 studiepoeng i historie (jf. opptakskrav for masterprogram i historie). Karakterkrav C i fordjupingsdelen. Søknadskode 9371 - enkeltemne på masternivå.

Course content

Innhald

Dei fem hundreåra mellom 800 og 1300 synte ein tilbakeliggande vesteuropeisk økonomi utvikle seg mot ei sterkare stilling, med meir organiserte samfunnsstrukturar og statar. Endringane skjedde både i Skandinavia som i andre delar av Nord-Europa, der det også utvikla seg ein felles kristen europeisk kultur. I 800 var Skandinavia prega av å vere ein region med små lokale konge- og høvdingdømme, nokre under eit veikt dansk hegemoni, men kring 1200 var det vorte til tre kongerike: Sverige, Noreg og Danmark. Det svenske herredømmet voks i dei finske områda på austsida av Austersjøen, og den første russiske statsdanninga hadde funne stad. Busettinga på Island og dei andre øyene vest i havet førte til at dei vart knytte til det norske kongedømmet og den norske kyrkja på forskjellige vis, ofte omtalt som «Noregsveldet». Lokale, personlege maktrelasjonar og økonomiske band vart skifta ut med sentraliserte styringsapparat, som etter kvart utvikla ein eigen rettskultur.

Den økonomiske, politiske og kulturelle utviklinga endra også på forholda mellom folk i nord og utvikla nye relasjonar mellom nordmenn og samar. Den økonomiske utviklinga i Vest-Europa involverte også dei nordlege regionane i handelsrelasjonar med korn og luksusvarar frå kontinentet i bytte mot varer som fisk og pelsverk. I studiet av desse emna vil me fokusere særleg på kjeldene frå perioden - norrøn sagalitteratur, lovmateriale, dei tidlege historieverka og utanlandske kjelder, så vel som arkeologisk materiale.


Objective of the course

Kva lærer du

Etter bestått emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har kunnskap om:

  • korleis dei store samfunnsomformande politiske, økonomiske og kulturelle prosessane i tidleg og høgmellomalder fekk utslag i Norden
  • korleis omformingsprosessane påverka forholdet mellom folk og statsmakter i nord
  • korleis kongedøma Noreg, Sverige og Danmark voks fram
  • forholdet mellom kristningsprosessane og statsdanningsprosessane
  • dei mest sentrale forskingsdiskusjonane på fagområdet
  • korleis kjennskap til arkeologisk kjeldemateriale er viktig for studium av vår eldste mellomalderhistorie i nord 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • nytte primærkjeder i sitt eige arbeid
  • analysere fagstoff og trekke eigne slutningar
  • beskrive og analysere omgrep som ‘ekspansjon’, ’sentralisering’ og ‘statsdanning’ i førmoderne tid
  • formidle både munnleg og skriftleg historiefaglege spørsmål knytt til dei store samfunnsomformande prosessane i tidleg og høgmellomalder i Norden

Kompetanse

Studenten skal:

  • kunne arbeide sjølvstendig med historiefaglege problemstillinger knytt til utforminga av eit nytt Norden mellom 800 og 1300
  • ha innsikt i og kunne reflektere over korleis historieskrivinga om eldre tid pregar forståinga vår av forholdet mellom folk og statsmakter i Norden også i dag


Language of instruction and examination

Undervisningsspråket er normalt norsk. For å oppnå instrumentelle mål om å gje eit fagleg godt tilbod, og å utvikle kompetanse i engelsk fagspråk hos norskspråklege studentar eller integrere studentar med anna morsmål enn norsk, kan undervisningsspråket også vere engelsk. Eksamensspråket er normalt norsk, men det kan også gjevast høve til å skrive oppgåver og eksamenssvar på andre skandinaviske språk eller engelsk. Dette må eventuelt avtalast med instituttet på førehand.

Teaching methods

Det blir gitt førelesingar frå faglærar og skipa til diskusjonar i seminara, knytt til sentrale tema for emnet. Omfanget av undervisning tilsvarar 28-30 timar.

Undervisning som er gitt i løpet av semesteret blir rekna som del av det kunnskapsgrunnlaget studentar kan prøvast i til eksamen.

Alle emne blir evaluerte ein gong i løpet av programperioden. Programstyret avgjer kva for emne som skal evaluerast av studentar og lærar per år.


Assessment

Arbeidskrav

Studentane skal gje eit munnleg seminarinnlegg som må godkjennast før dei kan framstille seg til endeleg eksamen.

Eksamen

Eksamen er ei skriftleg heimeoppgåve over éi veke, på om lag 4000 ord. Eksamen vert evaluert med bokstavkarakter A - F, der karakteren F er ikkje bestått. 

Ved karakteren F/ikkje bestått blir det tilbod om kontinuasjonseksamen i byrjinga av påfølgande semester. Ved gyldig forfall blir det tilbod om utsett eksamen i byrjinga av påfølgande semester. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen er 15. januar for eksamenar i haustsemesteret og 15. august for eksamenar i vårsemesteret.


  • Earlier years and semesters for this topic