Historie - årsstudium

Duration: 1 year

Photo: Ingun A. Mæhlum
Photo: Ingun A. Mæhlum

Historie - årsstudium

Duration: 1 År

Campus
Tromsø
Application deadline

15. april

1. mars for søkere med realkompetanse.

Søking og opptak
How to apply?

Historie finst over alt rundt deg, og verda er i stadig endring. Gjennom å studere historie, studerer du endringar gjennom fleire hundre år, og kva rolle enkeltmennesket, samfunnet og strukturane har for historia. Årsstudiet gjev kunnskap om den historiske bakgrunnen for samfunnsfenomen både i fortid og samtid og gjev kunnskap om lokale tilhøve så vel som regionale, nasjonale og globale. Årsstudiet i historie er ein god inngangsport til universitetet men kan også nyttast som etter- og vidareutdanning. Det gjev deg ei god allmenndanning og gjev deg ein nyttig basiskompetanse.

Questions about the study
E-mail: aisi@hjelp.uit.no
Telephone: 77660793

Årsstudium i historie gjev kunnskap i norsk, samisk og internasjonal historie frå rundt år 1000 og fram til i dag. I tillegg gjev studiet ei innføring i historievitskapleg teori, metode, kjeldebruk og forskingstradisjon.

Studiet er retta mot alle som ønskjer ei brei innføring i historiefaget. Gjennom dei obligatoriske emna får du lære om historia frå kring år 1000 og fram til i dag med vekt på norsk, samisk og internasjonal historie. I dei valfrie emna får du høve til å gå djupare inn ulike historiske tema.

Årsstudiet i historie er eit heiltidsstudium på 60 studiepoeng fordelt på to semester. Første semester (haust) tar studentane det obligatoriske innførings- og oversynsemna HIS-1201 Noreg og verda før 1750 (haust) og andre semester (vår) HIS-1202 Noreg og verda etter 1750 (vår). Kvart av desse emna er på 20 studiepoeng. I tillegg tar dei kvart semester 10 studiepoeng med valemne i historie (HIS-emne på 1000-nivå). Normalt kan studentane velje melom 2–3 valemne i historie på 1000-nivå kvart semester. Kva for valemne som blir tilbydd varierer frå år til år.

Undervisninga går som hovudregel gjennom heile semesteret, det vil seie at ein får undervisning i fleire emne parallelt. Dei to obligatoriske emna har undervisning på campus i Tromsø, men valemna på 1000-nivå er nettbaserte.

Etter bestått årsstudium skal kandidatane ha følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Kandidaten har:

• kunnskap om norsk, samisk og internasjonal historie frå rundt år 1000 og fram til vår eiga tid

• kunnskap om sentrale kjelde- og metodespørsmål i historiefaget

• innsikt i korleis historisk kunnskap blir etablert, kva som særmerker historievitskapleg forsking og formidling og kva for rolle historievitskapen har i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

• gjere greie for historiske problemstillingar med bruk av relevante faglege omgrep og uttrykksformer

• bruke og referere til kjelder og faglitteratur i samsvar med fagets tradisjonar og etablerte akademiske standardar

Generell kompetanse

Kandidaten:

• kan gjere greie for innhaldet i faglitteratur innan historiefaget

• har innsikt i metodiske og etiske problemstillingar knytt til historiefaget

• kjenner til akademisk argumentasjonsteknikk og kan dokumentere skriftleg arbeid på ein vitskapleg måte

Årsstudiet er ikkje i seg sjølv eit grads- eller vitnemålsgivande studium. Årsstudium er ei kortare utdanning som kan nyttast som første år i eit lengre utdanningsløp, det kan også brukast til å komplettere tidlegare utdanning ved å spisse denne eller ved å gje større breidde. Årsstudiet er sett saman mellom anna for å gje ytterlegare undervisningskompetanse for tilsetting i skuleverket.

Årsstudium i historie gjev kompetanse som er relevant for arbeid i fleire bransjar og sektorar: skole, offentleg administrasjon og forvaltning, museum og arkiv, internasjonalt arbeid, forlag/media, journalistikk, reiseliv og forsking.

Studieplan
10 stp. 10 stp. 10 stp.
1. sem. (høst) HIS-1201 Norge og verden før 1750 - 20 stp.
2. sem. (vår) HIS-1202 Norge og verden etter 1750 - 20 stp.

1. og 2. semester: i tillegg eit valfritt HIS-emne på 1000-nivå.

Sjå emnekatalogen her


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Anbefalte forkunnskapskrav for realkompetanse: norsk, engelsk, samfunnsfag og 5 årig relevant yrkserfaring.

Antall studieplassar: Studiet er åpent. Alle kvalifiserte søkarar vil få tilbod om studieplass.

Undervisninga er forskingsbasert og tilpassa første året på bachelor, med ein kombinasjon av tradisjonelle fysiske førelesingar, nettbasert undervisning, omvendt klasserom, seminar, ekskursjonar og individuell og kollektiv rettleiing. Undervisninga går som hovudregel gjennom heile semesteret, dvs. at ein studerer fleire emne parallelt. Storparten av undervisninga er på campus i Tromsø, men enkelte emne er fullt fleksibiliserte og nokre emne har heilt eller delvis nettbasert undervisning.

I studiet blir ulike læringsformer tatt i bruk. Sjølvstudium av pensum og fagstoff utgjer ein viktig del. Likeins individuelt arbeid med oppgåver og fagstoff, men også deltaking i gruppearbeid og kollokviegrupper. Gjennom ulike studentaktive læringsformer, der lesing, skriving og munnleg aktivitet inngår, utviklar vi den kritiske lesaren og den gode skribenten.

Studentane har gjennom heile studiet ein aktiv rolle i læringsprosessen: Gjennom opplæringsdelen tileignar dei seg kunnskap om historiefaget sin teori, metode og faghistorie.

Alle historieemna har obligatoriske arbeidskrav, skriftlege og/eller munnlege, desse må vere gjennomførte og godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen. Storparten av arbeidskrava er individuelle, men det kan også vere arbeidskrav som må løysast i gruppe. Studentane får tilbakemelding på alle arbeidskrav, saman med rettleiing stimulerer det til læring og er eksamensførebuande.

Eksamensformene er ulike former for skriftleg eksamen. Eksamen på historieemna er i regelen individuell og skal vere eit sjølvstendig arbeid. Eksamensforma er tilpassa innhaldet og karakteren til emna.

Eksamen blir vurdert ut frå ein karakterskala med seks trinn: A–F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått. Ved ikkje bestått på eksamen blir det som regel gjeve tilbod om kontinuasjonseksamen i påfølgande semester.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men på heile eller delar av valfrie enkeltemne kan undervisningsspråket vere engelsk. Eksamensspråk er normalt norsk, men kan også vere andre skandinaviske språk. Engelsk kan etter avtale nyttast som eksamensspråk.

Årsstudium i historie kan inngå som eitt år i bachelorprogrammet i historie og kan også inngå i lektorutdanninga trinn 8–13 i språk og samfunnsfag eller som valfrie emne i andre studieprogram.

Sigrun Høgetveit Berg
Berg, Sigrun Høgetveit

Professor in Medieval History.

- Church and Society in the 14th–18th Centuries

- Ecclesiastical History

- Reformation

- Medieval and early modern history in the High North

Bilde av Bones, Stian
Bones, Stian

My research and teaching is mainly connected to Norwegian and international history in the 20th century

Bilde av Grohse, Ian Peter
Grohse, Ian Peter

Associate Professor in Medieval History 

Bilde av Mankova, Petia
Mankova, Petia

Associate Professor in modern history with special focus on the Arctic and Norwegian - Russian history

Bilde av Myklebost, Kari Aga
Myklebost, Kari Aga

Barents Chair in Russian Studies, Professor of History

Bilde av Smith-Simonsen, Christine
Smith-Simonsen, Christine

Global History and Peace Studies. The position is shared between AHR and Centre for Peace Studies

Bilde av van Gerven, Tim
van Gerven, Tim

My research is concerned with Scandinavian national movements in a wider transnational, European perspective. I am especially interested in pan-nationalism and its impact on the formulation of national identities. I do not exclusively focus on Scandinavism/Scandinavianism, but also include Pan-Germanism, Greater Netherlandism, Pan-Slavism, Pan-Latinism, Turanism, Pan-Celticism and Anglosaxonism.