Historie - bachelor

Duration: 3 years

Photo: Ingun A. Mæhlum
Photo: Ingun A. Mæhlum

Historie - bachelor

Duration: 3 År

Campus
Tromsø
Application deadline

15.april

1. mars for søkere med realkompetanse.

Søking og opptak
How to apply?

Historie er vitskapen om endring. I fortida ligg kunnskap om notida og om ein forstår fortida, kan ein også forstå notida. Endring kan skje i løpet av berre nokre dagar, medan noko er uforanderleg gjennom fleire hundre år. Kva skapar endring? Kva rolle har enkeltmennesket, samfunnet og strukturane for historia? Ved UiT har vi fokus på historie frå mellomalderen til i dag med vekt på norsk, samisk og internasjonal historie. Frå historia til lokalsamfunn til store europeiske verdsimperium, revolusjonar og reformasjon, enkeltskjebnar og store forteljingar - dette får du eit innblikk i gjennom studiet.

Questions about the study
E-mail: aisi@hjelp.uit.no
Telephone: 77660793

Ofte treng ein langtidsperspektiv for å forstå raske endringar i eiga samtid så vel som langsame endringar som har skapt det mangfaldet av samfunnsformer vi er omgitt av. Historie tar opp erfaringane frå tidlegare generasjonar, erfaringar som er fascinerande i seg sjølve, men som også aukar forståinga vår for mangfaldet i vår eiga tid.

Studiet i historie gir ei innføring i faget frå mellomalderen til i dag med vekt på norsk, samisk og internasjonal historie med ulike fordjupingar. Frå historia til lokalsamfunn til store verdsimperium, revolusjonar og reformasjon, enkeltskjebnar og store forteljingar, får du eit innblikk i korleis historia har blitt framstilt og kva metodar ein bruker for å finne ut av og tolke fortida. Du lærer deg å sjå samanhengar og reflektere over menneska sine handlingar i samfunnet, om det er for eit avgrensa tidsrom på nokre dagar, eller ein periode på fleire hundre år.

Allereie første studieår får du innføring i prinsipp for kjeldekritikk, metodar i historieforsking samt historieforskinga si eiga historie. Gjennom heile studiet blir du trena i å lese både andre sine framstillingar av historie og historiske kjelder og får sjølv prøvd ut skriveferdigheitene gjennom semesteroppgåver og heimeeksamenar. Mange eldre kjelder er skrivne med gotisk handskrift. Dette er ei handskrift vi ikkje brukar i dag, og som kan vere vanskeleg å lese og forstå. Siste semester på studiet frå du grunnleggande opplæring i å lese og forstå gotisk handskrift, noko som gjer det mogleg for deg å nå inn til tankane og problema til menneska på 1500-talet og fram til 1800-talet.

Ved UiT får du på andre og tredje studieår moglegheit til å fordjupe deg i mellom anna mellomalderhistorie, tidleg nytid (1500-/1600-talet), 1800- og 1900-talets historie og russisk historie for å nemne nokon. Siste semester skriv du bacheloroppgåve der du får testa ut dine ferdigheiter i tolking, kjeldekritikk, refleksjon og historieframstilling.

Valemne

Gjennom valemna kan du skreddarsy breidda og djupna i studiet ditt. I løpet av studiet skal du ha minimum historieemne tilsvarande 90 studiepoeng, av desse er det ein obligatorisk del på 70 studiepoeng. Resten av dei 20 studiepoenga i historieemne vel du sjølv. Kva for valemne du tek, er avhengig av dine interesser, og du bør velje utifrå dine eigne planar for vidare studium eller arbeid. I tillegg til valemne på historie, har du moglegheit til å velje frie valemne på til saman 60 studiepoeng frå andre fagområde, som f.eks. arkeologi, sosialantropologi, kunsthistorie, sosiologi, statsvitskap, religionsvitskap eller språk.

Etter bestått studieprogram skal kandidatane ha følgande læringsutbytte:

Kunnskapar

Kandidaten:

• har brei kunnskap om norsk, samisk og internasjonal historie frå rundt år 1000 og fram til vår eiga tid

• har god innsikt i sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar

• har brei kunnskap om sentrale kjelde- og metodespørsmål i historiefaget, mellom anna den historiske kjeldekritikken, diakron og synkron komparasjon samt periodisering av historiske utviklingsløp

• har god forståing for korleis historisk kunnskap blir etablert, kva som særmerker historievitskapleg forsking og formidling og kva for rolle historievitskapen har i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten:

• kan munnleg og skriftleg gjere greie for historiske problemstillingar med bruk av relevante faglege omgrep og uttrykksformer

• kan finne fram til relevante historiske kjelder og faglitteratur

• kan referere til kjelder og faglitteratur i samsvar med fagets tradisjonar og etablerte akademiske standardar

• kan under rettleiing skrive faghistoriske tekstar av eit visst omfang, reflektere over eiga historieskriving og justere denne under rettleiing

• kan bruke digitale informasjons- og søkjeverktøy, til dømes på databasar, bibliografisk materiale og arkivmateriale

• har evne til å oppdatere historiekunnskapen sin

Generell kompetanse

Kandidaten:

• kan skriftleg og munnleg gjere greie for innhaldet i faglitteratur, for teoretiske og metodiske spørsmål samt innhaldet i kjelder av ulik art

• kan planlegge og gjennomføre eit mindre prosjekt i samsvar med akademiske tradisjonar og etiske krav

• har innsikt i metodiske og etiske problemstillingar

• kan arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og formidle hovudpunkta både munnleg og skriftleg

• kan setje seg inn i nye problemfelt og kunne analysere saker frå fleire sider

• kjenner til akademisk argumentasjonsteknikk og kan dokumentere skriftleg arbeid på ein vitskapleg måte

Bachelorstudiet i historie gjev kompetanse som er relevant for arbeid i fleire bransjar og sektorar: offentleg administrasjon og forvaltning, museum og arkiv, internasjonalt arbeid, forlag/media, journalistikk, reiseliv og forsking.

Med ein bachelor i historie er det også mogleg å kvalifisere seg til stilling som bibliotekar. Føresetnaden er at ein i tillegg tar eit biblioteksfagleg årsstudium (til dømes ved UiT).


3. semester: Eit HIS-valemne på 1000-nivå og to valfrie emne

4. semester: Eit HIS-valgemne på 1000- eller 2000-nivå og to valfrie emne

5. semester: Utveksling eller valfrie emne

6. semester: i tillegg HIS-2xxx Bachelorppgåve (20 sp) - kjem

Sjå emnekatalogen her


Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådd forkunnskap for realkompetanse er norsk, engelsk og samfunnsfag frå vidaregåande skule og 5 års relevant yrkeserfaring.

Undervisninga er forskingsbasert og tilpassa bachelornivå, med ein kombinasjon av tradisjonelle fysiske førelesingar, nettbasert undervisning, omvendt klasserom, seminar, ekskursjonar og individuell og kollektiv rettleiing. Undervisninga går som hovudregel gjennom heile semesteret, dvs. at ein studerer fleire emne parallelt. Storparten av undervisninga er på campus i Tromsø, men enkelte emne er fullt fleksibiliserte og nokre emne har heilt eller delvis nettbasert undervisning.

I bachelorstudiet blir ulike læringsformer tatt i bruk. Sjølvstudium av pensum og fagstoff utgjer ein viktig del. Likeins individuelt arbeid med oppgåver og fagstoff, men også deltaking i gruppearbeid, kollokviegrupper og hospitering. Gjennom ulike studentaktive læringsformer, der lesing, skriving og munnleg aktivitet inngår, utviklar vi den kritiske lesaren og den gode skribenten.

Studentane har gjennom heile studiet ein aktiv rolle i læringsprosessen: Gjennom opplæringsdelen tileignar dei seg kunnskap om historiefaget sin teori, metode og faghistorie, kunnskap dei sjølve nyttar aktivt i arbeidet med bacheloroppgåva. Oppbygginga av studiet legg til rette for fagleg refleksjon og mogning. Gjennom dei ulike undervisnings- og læringsformene får studentane høve til å fokusere fagleg og studere fleire type tema ut frå ulike tilnærmingar.

Alle historieemna har obligatoriske arbeidskrav, skriftlege og/eller munnlege, desse må vere gjennomførte og godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen. Storparten av arbeidskrava er individuelle, men det er også arbeidskrav som må løysast i gruppe. Studentane får tilbakemelding på alle arbeidskrav, saman med rettleiing stimulerer det til læring og er eksamensførebuande.

Eksamensformene er varierte, frå ulike former for skriftleg eksamen, til oppgåveskriving med og utan rettleiing og til ulike former for munnleg eksamen. Eksamen på historieemna er i regelen individuell og skal vere eit sjølvstendig arbeid. Eksamensforma er tilpassa innhaldet og karakteren til emna, og dei ulike eksamensformene er valde for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og ferdigheiter, og for å måle studentane sitt læringsutbytte.

Eksamen blir vurdert ut frå ein karakterskala med seks trinn: A–F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått. Ved ikkje bestått på eksamen blir det som regel gjeve tilbod om kontinuasjonseksamen i påfølgande semester.

Alle emne har sensorrettleiing til eksamen.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk, men på heile eller delar av valfrie enkeltemne kan undervisningsspråket vere engelsk. Eksamensspråk er normalt norsk, men kan også vere andre skandinaviske språk. Engelsk kan etter avtale nyttast som eksamensspråk.

Med bachelorgrad i historie kan du søke opptak til mastergrad i historie. Vær oppmerksam på at det er eit krav om eit karaktergjennomsnitt på C eller betre for opptak til mastergraden.

Graden er også opptaksgrunnlag til fakultetet sine tverrfaglege masterprogram i Russlandsstudier, Peace and Conflict Transformation og Indigenous Studies.

Du kan også bygge på bachelorgraden med eit årsstudium i bibliotek- og dokumentasjonsvitenskap som gir deg godkjent bibliotekarutdanning.

Det er lagt til rette for studieopphald ved eit utanlandsk universitet i femte semester.

Før studieopphald i utlandet må 60 studiepoeng i bachelorprogrammet i historie ved UiT vere bestått. Studieprogrammet i historie har utvekslingsavtalar med fleire utanlandske universitet. I tillegg er instituttet også partnar i Nordplus-nettverket, det opnar for å studere ved mange universitet i Norden. Studentane kan også gjere seg nytte av andre avtalar med universitet verda rundt.

Studieopphald i utlandet må vere godkjent på førehand som del av studentens utdanningsplan, og det krevst at ein studerer historie eller andre relevante emne. Før utreise må studenten ha ei førehandsgodkjenning, det vil seie at faglærar hjelper studenten med å velje emne som skal godkjennast som del av studiet. Studenten søkjer om endeleg godkjenning ved UiT med dokumentasjon på bestått eksamen i dei tilrådde emna i utlandet. For oppdatert oversikt over kva for universitet studieprogrammet i historie har avtale med, sjå UiTs si nettside om studentutveksling, eller ta kontakt med internasjonal koordinator.

Sigrun Høgetveit Berg
Berg, Sigrun Høgetveit

Professor in Medieval History.

- Church and Society in the 14th–18th Centuries

- Ecclesiastical History

- Reformation

- Medieval and early modern history in the High North

Bilde av Bones, Stian
Bones, Stian

My research and teaching is mainly connected to Norwegian and international history in the 20th century

Bilde av Grohse, Ian Peter
Grohse, Ian Peter

Associate Professor in Medieval History 

Bilde av Mankova, Petia
Mankova, Petia

Associate Professor in modern history with special focus on the Arctic and Norwegian - Russian history

Bilde av Myklebost, Kari Aga
Myklebost, Kari Aga

Barents Chair in Russian Studies, Professor of History

Bilde av Smith-Simonsen, Christine
Smith-Simonsen, Christine

Global History and Peace Studies. The position is shared between AHR and Centre for Peace Studies

Bilde av van Gerven, Tim
van Gerven, Tim

My research is concerned with Scandinavian national movements in a wider transnational, European perspective. I am especially interested in pan-nationalism and its impact on the formulation of national identities. I do not exclusively focus on Scandinavism/Scandinavianism, but also include Pan-Germanism, Greater Netherlandism, Pan-Slavism, Pan-Latinism, Turanism, Pan-Celticism and Anglosaxonism.