Creating the New North (CNN)

Encounters and change in the pre-modern North 500–1800 CE

"Creating the New North: encounters and change in the pre-modern North 500–1800 CE" er ei fleirfagleg forskingsgruppe som koordinerer og fremjar tverrfagleg forsking mellom fagmiljøa for arkeologi, historie, kunstvitskap, religionsvitskap og kulturvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet. CNN er eit forum for å koordinere forsking, undervisning og formidling om den historiske utviklinga innanfor busetnad, samfunn og identitet i nordområda i eldre tid.

Vi ønsker å skapa ny kunnskap om korleis dei nordlegaste områda i Europa gjekk frå å vera prega av eit ope samspel mellom ulike etniske grupper til å utgjera nordlege periferiområde underlagt veksande statar med administrative senter lenger sør. Denne utviklinga påverka – og vart påverka av – ressursbruk, handelsnettverk, utforsking, kulturmøte og skiftande førestillingar om desse regionane, og er døme på tidlege globaliseringsprosessar i mellomalderen og tidleg nytid.