Senter for framifrå forsking går framover

iC3-senteret skal undersøkje effekten av karbon frå smeltande isbrear og innlandsis. No tilsett dei fire internasjonale toppforskarar som professor II.

En isbre ligger ned mot ein fjord, omringa av spisse fjell.
Isbreen i Magdalenefjorden på nordvest på Spitbergen. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 06.12.23 11:14 Oppdatert: 08.12.23 11:52
Arktis Klima

Centre for ice, Cryosphere, Carbon and Climate (iC3) skal forske på korleis innlandsis, karbonsyklusen og økosystema i havet påverkar livet på jorda. No har senteret tilsett fire toppforskarar frå USA, Storbritannia, Belgia og Noreg i Professor II-stillingar.

Førsteamanuensis Monica Winsborrow, iC3 sin assisterande direktør, seier ho er særs nøgd med å få fire forskarar i verdsklasse med på laget:

– Ingen veit kor mykje karbon som er lagra under verdas polare innlandsis, kor mykje av den som vil verte slept ut etter kvart som isen smeltar, og kva effekt det vil ha på det globale klimaet og livet i hava. For å løyse det puslespelet treng vi samarbeid mellom toppforskarar frå mange forskjellige disiplinar, seier ho.

Dette er ei tillitserklæring til iC3 som eit globalt knutepunkt for polarforsking.

Dei fire nye lagmedlemmane tar med seg essensiell kompetanse for å løyse ei av dei størte utfordingane i polarforskinga.

Dei vil kunne gje ekspertise innan biokjemien til isbrear (Jon Hawkins, University of Pennsylvania), havmodellering (Fanny Monteiro, University of Bristol), biokjemisk modellering (Sandra Arndt, Free University of Brussels) og innlandsismodellering (Petra Langebroek, NORCE).

ein montasje av fire protrett av tre kvinner og ein mann
Dei fire nye lagmeldemmane (frå øvst til venstre): Fanny Monteiro, Jon Hawkings, Petra Langebroek og Sandra Arndt. Foto: Privat

– At globalt leiande forskarar vil kome til oss er ei tillitserklæring til iC3 som eit globalt knutepunkt for polarforsking, seier Terri Souster, som er prosjektleiar for senteret.

– Vi ser fram til å knyte til oss endå fleire toppforskarar til Tromsø framover, held ho fram.

iC3 er eit partnarskap mellom UiT, Norsk Polarinstitutt og NORCE. Noregs Forskingsråd tildelte senteret 155,5 millionar over ti år som eit Senter for framifrå forsking.

Senteret skal dokumentere karbon som er lagra i og under innlandsis, forstå korleis issmelting vil påverke dette karbonet, og kva effekt det vil ha på det delikate økosystemet i hava og det globale klimaet.


Kortnytt fra Institutt for geovitenskap, Fakultet for naturvitenskap og teknologi
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Vi anbefaler