Kjempesuksess for postdoktor-program

UiT held fram med sterke søknadar og høg suksessrate i EUs karriere- og mobilitetsprogram MSCA, som sender topptalent til forskingsjobbar i Nord-Noreg.

Ei stor gruppe menneske poserar utandørs.
Lingvistikkmiljøet på UiT lykkast godt med MSCA. Fleire på biletet er eller har vore MSCA fellow eller rettleiarar. Foto: Jørn Berger-Nyvoll / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 20.02.24 14:13 Oppdatert: 22.02.24 10:06
Om UiT

– Dette er utruleg gledelege tal, seier prorektor for forsking og utvikling, Jan-Gunnar Winther.

Portett av ein smilande mann.
Prorektor for forsking og utvikling, Jan-Gunnar Winther. Foto: David Jensen

– Om vi skal halde fram med å vere ein drivkraft i nord, må vi ha ein jamn straum av talent som kjem inn og er med på å løfte oss og landsdelen, held han fram.

Koplar garva veteranar med unge talent

Straumen av talent prorektoren snakkar om, er eit resultat av UiT si satsing på Marie Skłodowska-Curie Postdoctoral Fellowship (MSCA).

MSCA er ei ordning frå EU kor dyktige, potensielle postdoktorar vert kopla saman med garva forskarar som skal vere rettleiarar for dei på forskingsopphald i andre land. Det har sendt 38 lovande forskarar til UiT sidan 2016, og snart kjem det 11 til.

– UiT-forskarar sendte inn 31 søknadar om å få verte MSCA-rettleiarar i 2023. 11 er innvilga og 3 står på venteliste. Det er vi sjølvsagt særs godt nøgd med, seier Theresa Mikalsen.

Utruleg suksessrate for UiT

Mikalsen er seniorrådgjevar for ekstern EU-finansiering i Seksjon for forsking og innovasjon. Saman med Kata Bohus og Khadij Gharibi driv ho støttetenesta Arctic MSCA-PF Program, som hjelper UiT-forskarar finne og rekruttere yngre forskarar til samarbeid og innsending av felles søknad til EU sitt MSCA-program. Og tala tyder på at det verkar.

 – 2023 er det beste året til no, med ein suksessrate på heile 35 %. Det er langt over det europeiske snittet på 15 %, seier Mikalsen.

Nokre miljø har vore ivrigare enn andre til å satse på MSCA. Mellom anna har lingvistikkmiljøet på HSL-fakultetet jobba over fleire år for å rekruttere høgkompetente MSCA-forskarar frå andre land. Lingvistane sjølve trur det er ei viktig årsak til at dei er rekna som det beste lingvistikkmiljøet i Noreg.

To av dei aksepterte søknadane for 2023 kjem frå BFE, tre frå NT-fak, ein frå Helsefak og fem frå HSL. Det er ytterlegare to søknadar frå HSL og ein frå Jurfak på ventelista.

Dei første Marie Skłodowska-Curie Postdoctoral Fellows-ane frå denne runden er venta til UiT til hausten.

Arctic MSCA hjelper òg postdok-kandidatar som vil reise på forskingsopphald utanfor Europa, såkalla Global Fellowships. Les meir om det eller korleis du kan får eit ungt talent til ditt prosjekt her: https://uit.no/arcticmsca.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 20.02.24 14:13 Oppdatert: 22.02.24 10:06
Om UiT