Første OTTAR om språk
Tromsø museum sitt populærvitskaplege tidfsskrift Ottar har kome ut i snart seksti år. Men nummer 2 i 2012 er det første temanummeret om språk.
Det er CASTL (Centre for Advanced Study in Theoretical Linguistics) som har hatt fagansvaret for nummeret, og hefteredaktør Øystein A. Vangsnes kunne på lanseringa fortelja at det ikkje nødvendigvis var langt mellom CASTL sitt forskingsfokus på teoretisk lingvistikk og Ottar sitt publiseringsfokus på nordnorske tilhøve.
- Mange av forskarane på CASTL har vore involverte i eit stort fellesnordisk dialektprosjekt - Nordisk dialektsyntaks - der me har gjort feltarbeid og forska på dialekutvikling over heile Nord-Noreg, fortalde Vangsnes.
- Mellom anna på Senja - som viser att i Knut Tarald Taraldsen sin artikkel "Om kjønnsskifte og greie jenter på Senja og ellers i verden."
Forskingsresultat frå barnespråkslabb
På CASTL har forskargruppa som arbeider med språktileigning utvikla ein barnespråkslabb - der det hovudsakleg er språket til nordnorske ungar det blir forska på. Tre av dei sentrale forskarane i denne gruppa, Marit Westergaard, Merete Anderssen og Kristine Bentzen, har saman skrive tre artiklar i heftet; om ordtsilling i nordnorsk barnespråk, om eigedomskonstruksjonar i norsk barnespråk og amerikanorsk og om verbplassering i nordnorsk.
![]() |
| Merete Anderssen (t.v.), Kristine Bentzen (nr. to f.v.) og Marit Westergaard (t.h.) har saman skrive tre artiklar i siste nummer av Ottar. |
På lanseringa gav Marit Westergaard døme på korleis norske ungar og eldre norskamerikanarar vel å uttrykkje min bil (som er den språkleg enklaste konstruksjonen) eller bilen min (som er den språkleg mest vanlege konstruksjonen). Det viser seg at ungar som skal lære eit språk vel det enklaste først, medan godt vaksne språkbrukarar, som er i ferd med å miste språket, held på det vanlegaste.
- Med andre ord - når du først har lært ein konstruksjon som blir brukt ofte, er det lettare å halde på den, sjølv om den er relativt kompleks, sa Westergaard.
![]() |
| Knut Tarald Taraldsen skildrar korleis språk er bygde opp av bittesmå delar som saman blir større og større og til slutt lagar ord og setningar. På Senja, i Nederland og i Sør-Afrika. |
![]() |
![]() |
Frå Senja via Nederland til Sør-Afrika
Elles i Ottar-heftet har Peter Svenonius skrive artikkelen med den interessante påstanden at "Språk er ikke skapt for kommunikasjon", hefteredaktør Vangsnes har utforska "Korsn korsn har nordnorsk" og Knut Tarald Traladsen har altså skrive ein artikkel om Senja - og korleis e-endinga i adjektiva der også er å finne i nederlandsk og kolonispråket afrikaans.
I feltarbeid på Senja har forskarane hatt med seg lyrikar, nordist og senjaværing Helge Stangnes som vegvisar og rettleiar. Han gav også lanseringa av Ottar-heftet ein poetisk dimensjon med sine flotte dikt - på senjamål.
![]() |
| CASTL og Ottar stilte på lanseringa med eigen poet, vegvisar og rettleiar i Senja-målet - Helge Stangnes. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg |
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)



