Avslører kulturell propaganda frå den spanske kolonimakta
Leonor Taiano Campoverde viser med doktoravhandlinga si korleis politisk propaganda kunne koma i form av kulturelle uttrykk på 1600- og 1700-talet.
![]() |
Leonor Taiano disputerer denne veka på doktoravhandlinga si om det spanskspråklege verket Infortunios de Alonso Ramírez frå 1690.
Boka handlar om ein puertoricanar som blir fanga av britiske sjørøvarar utanfor Filippinane og som må reise verda over med dei, før han blir lauslaten i Brasil og seinare tek seg til Mexico (Ny-Spania).
Først trur dei spanske styresmaktene der at han var ein pirat, før visekongen, Gaspar de la Cerda, vart overtydd om at han hadde vore fange hjå framande piratar.
Fangeforteljing, ikkje fiksjon
I nærare 300 år trudde verda at Infortunios var ein roman - Latin-Amerikas første. Men etterkvart kom diskusjonen opp om kven denne Alonso Ramírez eigentleg var, og arkivstudium avdekte etterkvart mange uavhengige kjelder som gjorde at Fabio López Lázaro og José F. Buscaglia-Salgado i 2011 kunne slå fast at Ramírez var ein historisk person. Taiano har med avhandlinga si deretter vist at boka var ei faktisk beretning frå ein fange - ei fangeforteljing.
- Men utfordringa var framleis å definere boka i denne sjangeren - for det var ikkje ein pikaresk roman eller ei tradisjonell Robinson Carusoe-forteljing, men eit svært komplisert verk, seier Taiano.
Ho gjekk difor i gang med å systematisk kartleggje kva slags litteratur dette var - og har med doktoravhandlinga si funne prov for korleis boka høyrer til den litterær sjangeren fangeforteljingar ("memoirs of captivity").
- Eg har samanlikna mange tekstar skrivne av spanske fangar på 1600- og 1700-talet og funne fram til kva som særmerker denne litteraturen, fortel ho.
- Motiv som går igjen er svolt, fatigdom, tortur, guddomeleg vern, kritikk av andre religionar og skuldingar om svik mot Spania og den katolske kyrkja.
- Såleis syner eg korleis Infortunios har klare trekk av kulturell overføring frå kolonimaktene i Vest-Europa til den nye verda, og særleg i biletbruken ser me korleis vanlege stereotypiar frå Europa blir overførde til litteraturen i koloniane, fortel Taiano.
Politisk propaganda i kulturell form
I tillegg til sjangerbestemminga set Taiano Infortunios inn i ein internasjonal kontekst, og ho syner korleis boka blir nytta som propaganda i kampen mellom Spania og den breie europeiske koalisjonen - "Storalliansen" - på den eine sida og Frankrike på den andre, i den såkalla Niårskrigen (1688-1697).
- Gaspar de la Cerda var altså spansk visekonge i Ny-Spania på slutten av 1600-talet, og ein kulturmesen som publiserte ei rekke bøker - som del av propagandaen rundt sitt eige styre. Han ville gjerne byggje biletet av seg sjølv som ein "optimus princeps", ein framifrå leiar for folket sitt, mykje av di han trengde å dekkje over skuldingar om smugling som kom mot styret hans.
- I alle dei andre bøkene han gav ut, var han sjølv hovudpersonen. Men i denne boka er protagonisten ein fatig mann frå kolonien - som de la Cerda reddar, og han haustar indirekte mykje ære også frå denne boka.
- I avhandlinga drøftar eg såleis kva for motiv Gaspar de la Cerda hadde for å finansiere og utgje Infortunios. Det er liten tvil om at de la Cerda brukte boka i den intellektuelle kampen i Niårskrigen - først og fremst for å åtvare Spania mot dei britiske allierte og deira piratverksemd, men òg for å dekkje over mistanke om eiga smugling, avsluttar Leonor Taiano.
Avhandlinga til Taiano er ein del av prosjektet Encounters and Cultural Transfers in Colonial Hispanic Literature, leidd av Carlos Cabanillas. Du kan laste ned heile avhandlinga frå Munin: Entre mecenazgo y piratería. Una re-contextualización histórica e ideológica de Infortunios de Alonso Ramírez
.jpg)



