UiT inviterer til open dag med førelesingsrekord
UiT Noregs arktiske universitet inviterer til open dag i Tromsø med over 60 miniførelesingar og over 30 aktivitetar for studienysgjerrige.
.jpg)
2. mars byr UiT på seg sjølv for alle som er interesserte i å begynne å studere. For at alle nysgjerrige skal få sjå kor utruleg mykje verdas nordlegaste universitet har å by på, held vi over 60 miniførelesingar og inviterer til over 30 ulike aktivitetar frå våre fagmiljø.
Nærmare 1000 elevar frå vidaregåande skular i regionen kjem, men alle som er nyfikne på høgare utdanning eller lurer på om dei skal begynne å studere er hjarteleg velkomne.
.jpg)
Vi inviterer til ei rekke særs ulike og spennande aktivitetar kor ein kan gå på alt frå låtskrivercamp til luktequiz, fange CO2, delta i ei rettssak, eller dra til Polhavet i VR-briller – og mykje, mykje meir!
I over 60 forskjellige miniførelesingar tilbyr vi program- og utdanningspresentasjonar, men òg førelesingar om samfunnsaktuelle og kuriøse tema som mellom anna:
- Kor går vegen vidare i Ukraina?
- Kan ein sosiolog forske på sædbankindustrien?
- Kvifor har Leonardo DiCaprio berre unge kjærastar?
- Kva er vippepunkta i jordas klimasystem?
Og det er ikkje alt! Det vert òg stands, omvisingar, og høve til å spørje om alt ein lurer på om UiT og høgare utdanning.
Les meir om føredraga og aktivitetane på https://uit.no/skole/apendag/tromso. Der finn du òg alt du treng av praktisk informasjon. Du kan òg kontakte Stine Holand for meir informasjon: 901 34 190 / stine.holand@uit.no.
Om du ikkje kan kome til Tromsø, vert det open dag i Harstad 16. mars, og i Narvik 8. mars. Open dag i Alta var 14. februar.