Error rendering component

– Eg vil bidra til samfunnsutviklinga

Fersk prorektor Jan-Gunnar Winther vil verte betre på å seie nei, gje seg sjølv tid til å lytte og, gjennom UiT, gjere ein forskjell for samfunnet.

portrett av ein pent kledd mann med briller og skjegg
Jan-Gunnar Winther to veker inn i sin nye jobb. Foto: David Jensen
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Published: 18.09.23 11:29 Updated: 07.11.23 10:36
About UiT

– Eg vaks jo opp i Trondheim og Narvik, men eg kjenner meg jo som ein tromsøværing. Eg har jo budd her i snart 30 år no, seier Jan-Gunnar Winther på kontoret sitt på UiT i Tromsø.

Jan-Gunnar Winther

  • Fødd i Tyskland i 1962.
  • Tysk mor, norsk far.
  • Oppvaksen i Trondheim og Narvik.
  • Utdanna sivilingeniør i byggteknikk.
  • Doktorgrad i polar hydrologi.
  • Tidlegare arbeidsgjevarar inkluderer SINTEF, Norsk Polarinstitutt, UNIS, og Senter for hav og Arktis.
  • Gift, tre eigne born og tre bonusborn.
  • Flugefiskenerd.

Han er to veker inne i jobben som prorektor for forsking og utvikling hjå UiT. Han kjem frå jobbar i ei rekkje av forskings- og utviklingsinstitusjonar, men vil ikkje flagge ei retning eller eit mål for kor han vil ta UiT sin satsing på forsking og innovasjon. Enno, i alle fall.

– Eg vil lytte meir enn å snakke no i starten, og gje meg sjølv tid til å få innspel. Eg planlegg å besøkje mest mogleg av UiT sine studie- og forskingsstader, i heile landsdelen, og verte kjent med folk og problemstillingar. Eg forstår at mange spør, men det er rett og slett litt prematurt å lansere store vyar allereie no, seier Winther.

Drege mot frose vatn

To menn i vinterklede i eit snølandskap. Den eine pekar mot noko bak kamera.
Winther saman med Kong Harald på den norske forskingsstasjonen Troll i 2015. Det var kongens første besøk til Antarktis. Foto: Norsk Polarinstitutt.

Prorektoren er utdanna byggingeniør hjå NTH, men pensa seg raskt over på det som kanskje er viktigast for han: naturen. Helst natur med vatn.

– Eg ville ikkje sett meg sjølv til å byggje eit hus, men som byggingeniør er ein potet som kan gjere mykje forskjellig. Eg lærte mykje om vatn, vasskjemi og avløp, og etter kvart hydrologi, som er det eg vart dradd mot. Vatn, og etter kvart det frosne vatnet, snø og is, seier han.

Seinare kom ein doktorgrad i polar hydrologi og fem år på SINTEF i Trondheim, før han såg ein sjanse hjå eit institutt i opprørt vatn. Norsk Polarinstitutt (NP) var bestemd flytta frå Oslo til Tromsø i 1993, til store interne protestar. Og no trong dei ein antarktisforskar. Rikeleg med frose vatn, med andre ord. Winther søkte og fekk jobben.

– Eg hadde aldri søkt om ikkje eg visste at dei skulle flytte. Å kome seg til nord trumfa alt på den tida, seier han.

For han har den famøse Svalbardbasillen. Han vart infisert i studietida, då han var assistent for ein doktorgradsstipendiat på felttur. Det var det første møtet med noko han berre hadde lese om, og det opna opp endå meir for det som allereie var ein fagleg og personleg lidenskap: Natur, miljø og klima.

– Eg har alltid elska naturen, så antarktisforskar var draumejobben. Gjevande, utfordrande, og ikkje minst lærerik, seier Winther.

Den turbulente klimareisa

To menn på ein kvass fjelltopp, i klede frå 80-talet.
På Tilthornet på Hamarøy (590 moh) i unge år, saman med klatrekompis Stein Tronstad. – Eg har roa ned ekspedisjonsaktiviteten litt, men driv framleis på, kajakk, båttur, og fjellturar. Og flugefiske, sjølvsagt, seier Winther. Foto: Jan-Gunnar Winther med sjølvutløysar.

Han starta i NP i 1994, og 1996 var han og instituttet på plass i Tromsø. Det skal seiast at han ikkje var så mykje i ro, men brukte mykje tid i klodens sørlegaste område. Han deltok òg på ein rekkje ekspedisjonar til både Arktis og Antarktis.

Han jobba seg etter kvart opp i Polarinstituttet, og vart direktør i 2005.

Naturen, og spesielt den i Arktis, er under sterkt press, hovudsakleg frå klimaendringane. Det er ei tragisk historie som har følgt Winther i heile hans yrkesliv.

– Eg låg på knea og grov i snø på 80- og 90-talet på Svalbard, og etter kvart forstod eg konturane av kva som var i ferd med å skje. Den reisa frå at det berre var oss klimaforskarane som hadde ein mistanke, til der vi er no, den har prega meg, seier han.

Winther reiste saman med klimasaka til media, til styresmakter, til FN sitt klimapanel. Reisa har på mange måtar vore ekstremt kort, 30 år er ingenting i geologisk perspektiv.

Samstundes har vi kort tid på oss for å gjere noko.

– Det er så viktig for oss alle å få tak på det, og det har vore ein drivar, altså å få verda til å forstå. Ei turbulent reise, frå mageplask på klimatoppmøtet i København til fest i Paris  – men det har òg vore ei spennande fagleg reise; motiverande og utfordrande, seier han.

Kjøtvekt, politikk og ekspedisjonar

Reisa har òg tatt han meir og meir ut av den konkrete forskinga og over i interessesfærar, politikk og internasjonalt organisasjonsliv. Frå direktørstolen såg han på nært hald korleis vesle Noreg kunne ha innverknad langt utanfor kva «kjøtvekta» skulle seie.

– Norske styresmakter brukte Svalbard som eit internasjonalt utstillingsvindauge i ein periode. Det vart eit klasserom for internasjonale makthavarar som til dømes John Kerry, FN sin generalsekretær Ban Ki-moon, eller Hillary Clinton, fortel Winther.

Eg er ikkje ein revolusjonær.

Han er fascinert av norsk polarhistorie og ser på det som eit privilegium å kunne føre vidare stolte tradisjonar, gjerne i samspel med politisk innverknadsarbeid. Som då han leia jubileumsekspedisjonen i Roald Amundsens skispor til Sydpolen i 2011, eller tok initiativ til Grunnlovsseilasen i 2014.

Å gjere sitt

Winther var direktør for Norsk Polarinstitutt i to åremålsperiodar, før han gjekk vidare til noko som var mindre men samstundes større.

Ein mann og to kvinner sitt i eit panel og diskuterar.
Winther i diskusjon om World Economic Forum (WEF) sitt polare engasjement, saman med Gill Einhorn WEF (i midten) og professor Gail Whiteman. Frå konferansen Arctic Circle i Reykjavik i 2022. Foto: Senter for hav og Arktis.

– I Senter for hav og Arktis var vi berre fem tilsette, men mandatet var enormt. Vi skulle sjå inn i glaskula og sjå korleis berekraft verte utvikla i havnæringane, slik som skipsfart, fiskeri, oljenæring, oppdrett og så vidare, seier Winther.

Senteret vart oppretta av regjeringa i 2018, og Winther var leiar frå dag éin. Senteret var knytt til Nofima i starten, men vart ein del av UiT for knappe to år sidan.

Etter 35 år i den polare forskingsverda, var Winther UiT-tilsett for første gong. Noko av dei første dei gjorde under UiT-paraplyen var å arrangere konferansen Blått kompass.

– Eg kjende at eg hadde lyst til å bidra til samfunnsutviklinga i nord, og då er UiT den beste staden å gjere det, seier han.

Det er derfor Winther vil vere prorektor. For å gjere sitt til at universitetet og Nord-Noreg kan gå vidare, oppover og framover.

– Alt vi får til motiverer og inspirerer meg. Utdanning er sjølvsagt essensielt, og eg er òg imponert av, og ser viktigheita av, forskinga, utviklinga og innovasjonen som dei tilsette driv fram. Eg håper berre eg kan gjere mitt for at det skal verte endå betre, seier Winther.

Nordleg potensial i ei vanskeleg tid

For å gjere sitt, øver han på å seie nei. Høfleg nei.

Han innrømmer at han kanskje ikkje er så god til det, og når ein ser på lista hans over verv, vert det ganske tydeleg. 22 nasjonale og 32 internasjonale verv, engasjement eller medlemskap har det vorte opp gjennom åra, til dømes styret i EU Mission Restore our Ocean and Waters, hovudforfattar av den fjerde hovudrapporten til FN sitt klimapanel, medlem i UN Global Compact Action Platform for Sustainable Ocean Business, eller styreleiar i GRID Arendal.

Ein mann dreg to kanoar etter seg opp ei elv. Vått og kaldt vêr.
Jan-Gunnar Winther i sitt rette element: våt og kald natur på kanotur i Finnmark. Foto: Privat

– Balansen mellom heime- og utetid er viktig, så den må eg finne. Eit anna balansepunkt er jo at eg skal jobbe for heile universitetet. Eg kan mykje om is, miljø, hav og berekraft, men ikkje så mykje om helse eller kunstig intelligens eller det meste, eigentleg. Så eg treng å lære, seier Winther.

Og der finn ein kanskje årsaka til at han ikkje vil snakke høgt om kva han tenkjer om retninga framover.

Men han vil seie ein ting:

–Vi lever i utfordrande tider, og då er det openbert for meg at nord har eit stort potensial. Det er moglegheiter for nye initiativ, kreativitet og vekst her, og der har UiT ei opplagd sentral rolle. Vi er allereie på hogget, men det er rom for å auke aktiviteten endå meir, seier prorektor Winther.

Han skildrar seg sjølv som konsensusorientert, og seier han har som ideal å høyre ut alle og gje alle ei moglegheit til å setje sin signatur på arbeidet. Og han vil ikkje kome inn og endre korleis UiT-maskina fungerer eller endre retninga drastisk.

– Eg er ikkje ein revolusjonær, forsikrar Winther.

– Men eg brenn for å få til noko som lyser, noko som har innverknad og som vert ståande.

 
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no