Enno ledige studieplassar ved UiT

Om du dekker opptakskrava, kan du enno søkja opptak til ei rekkje studium ved UiT.
Solhaug, Randi Merete
Published: 31.07.18 00:00 Updated: 02.08.18 13:53

I år får rekordmange studietilbod frå UiT Noregs arktiske universitet. Samstundes er det framleis mogleg å skaffa seg ein studieplass hausten 2018.

Via Samordna opptak finn du eit oversyn over ledige studieplassar og det er "først til mølla-prinsippet" som gjeld. 

Lista over ledige studieplassar blir oppdatert jamnleg. Vær oppmerksam på at dette opptaket har korte svarfristar, og når eit studium er fullt, så blir det fjerna frå lista. Er det fleire kvalifiserte søkjarar til ein studieplass, går tilbodet til dei som meld seg først.

Du finn meir informasjon om korleis du søkjer her.

Du kan òg søkja via lokal søknadsweb til fleire studiar ved UiT, mellom anna nettbaserte enkeltemne. Meir informasjon finn du på denne sida. 

 

Solhaug, Randi Merete
Published: 31.07.18 00:00 Updated: 02.08.18 13:53